Avdelingsdirektør

Sted
Sentralt i Oslo
Publisert
15. mai 2018
Søknadsfrist
mai. 23 2018
Kontakt
Nina Økland 48154765, Åsta Skre 97540040
Posisjon
Toppleder
Arbeidstid
Fulltid
Jobbtype
Engasjement
Sektor
Offentlig

Kulturdepartementet har ansvar for den statlege politikken og forvaltninga på områda kultur, medium, idrett, frivillig verksemd, og tru- og livssynssamfunn. Departementet har om lag 155 tilsette, for tida fordelt på fem avdelingar og ei kommunikasjonseining.

 Medieavdelinga har ansvar for medie- og filmsaker, pengespel og opphavsrett. Avdelinga har etatstyringsansvar for Lotteri- og stiftelsestilsynet, Medietilsynet og Norsk filminstitutt. Eigarstyringsansvaret for dei statlege selskapa Filmparken AS, Norsk rikskringkasting AS og Norsk Tipping AS ligg også til avdelinga. Avdelinga har om lag 22 medarbeidarar fordelt på to seksjonar og ein stab.

 Stilling som leiar for seksjon for film og opphavsrett

Medieavdelinga er nyleg omorganisert. Vi søkjer ein leiar for den nye seksjonen for film og opphavsrett som blir etablert 1. juni 2018. Seksjonen har ansvar for åndsverklova og for utvikling av politikk og verkemiddel på filmområdet. Etatstyringsansvar for Norsk filminstitutt og eigarstyring av Filmparken AS er også ein del av porteføljen til seksjonen. Seksjonen har vidare ansvar for generelle forvaltningsrettslege spørsmål i departementet. Film- og opphavsrettsfeltet er prega av store endringar i teknologi, marknad, forretningsmodellar og brukaråtferd. Reguleringa av områda vert i stor grad påverka av internasjonale avtalar.

Arbeidsoppgåver

  • ha resultatansvar for oppgåvene til seksjonen
  • leie og følgje opp langsiktige og kortsiktige oppgåver i seksjonen og personalansvaret for dei tilsette
  • samarbeide med den politiske og administrative leiinga i departementet og bidra til å utforme og sette politikken til regjeringa på film- og opphavsrettsområdet ut i livet
  • inngå i leiargruppa i avdelinga og bidra aktivt i arbeidet med å vidareutvikle saksfelta og avdelinga

Avdelingsdirektøren rapporterer til ekspedisjonssjefen, som er øvste leiar for Medieavdelinga.

Kvalifikasjonar

Den vi søkjer må ha master i rettsvitskap/juridisk embetseksamen og gode juridiske evner. Erfaring frå relevante rettsområde; forvaltningsrett, EØS-rett og kulturrelaterte juridiske felt (opphavsrett, medierett m.v.) vil bli vektlagt. Du er samfunns- og gjerne teknologiinteressert. Vi søkjer ein lagspelar med stor arbeidskapasitet og gode leiareigenskapar. Du har evne til å motivere og engasjere medarbeidarane dine og skape samarbeidskultur i seksjonen og på tvers i organisasjonen. Du har gode evner til å organisere arbeidet, delegere og sørge for framdrift og gode leveransar til rett tid. Du må være handlekraftig, kreativ og løysingsorientert, ha evne til analytisk og strategisk tenking og til å kunne utvikle felta seksjonen har ansvar for. Du må ha innsikt i og forståing for politiske prosessar, vere administrativt ryddig og ha god forvaltningskompetanse. Du må kommunisere godt, både skriftleg og munnleg.

Analyse og utvikling av økonomiske verkemiddel og budsjettarbeid er ein del av porteføljen til seksjonen. Seksjonen har óg etat- og eigarstyringsansvar og FoU-oppgåver. Kjennskap til slike oppgåver og ansvar er derfor ein fordel.

Stillinga er eit embete, og du må difor vere norsk statsborgar for å kunne bli tilsett.

Klausul om mogleg karantene og saksforbod ved overgang til ny stilling utanfor staten inngår i arbeidsavtalen.

Vi tilbyr

Kulturdepartementet har eit kunnskapsrikt og stimulerande arbeidsmiljø, med engasjerte, kompetente og resultatorienterte medarbeidarar.

Kvardagen i Medieavdelinga er prega av høgt arbeidstempo, varierte og utfordrande arbeidsoppgåver og eit hyggeleg og uformelt arbeidsmiljø.

Stillinga er plassert som avdelingsdirektør kode 1218, med løn i spennet kr. 840 000-920 000. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vere aktuelt.

Vi held til i hyggelege lokale midt i Oslo sentrum. Som tilsett hos oss har du fleksibel arbeidstid, høve til trening i arbeidstida, pensjonsordning og rett til å søkje bustadlån gjennom Statens pensjonskasse.

Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Staten som arbeidsgivar skal nytte den fulle breidda i kompetansen til innbyggjarane. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet. Derfor blir alle kvalifiserte kandidatar med ulik utdanning, arbeids- og livserfaring oppmoda til å søkje jobb i staten. Departementet er ei IA-verksemd. I det ligg det mellom anna at vi vil sørge for tilrettelegging på arbeidsplassen.

Offentleggjering

Dei som søkjer, må være merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde, sjølv om søkjarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkjarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkjarlista før ho blir offentleggjord.

Kontakt

For meir informasjon om stillinga, kontakt ekspedisjonssjef Nina Økland, telefon 22 24 80 34/481 54 765 eller avdelingsdirektør/personalsjef Åsta Skre, telefon 22 24 78 26/975 40 040.

--------------------------------------------------------
Vennligst referer til DN.no i din søknad.