Økokrim
Om Økokrim
ØKOKRIM er politiet og påtalemakta sitt spissorgan mot økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet. Vi arbeider for å verne velferdssamfunnet og det økonomiske systemet. Vi tek dei mest omfattande, kompliserte og prinsipielle sakene på dette området, og treng difor dyktige medarbeidarar som er opptekne av å utvikle seg gjennom tverrfagleg arbeid. ØKOKRIM held til sentralt i Oslo. Du må rekne med reiseverksemd i inn- og utland.
Ei tilsetjing i politiet krev plettfri vandel, og ein uttømmande og utvida politiattest må innhentast, jf. politilova § 18 og politiregisterlova § 41.
Staten har eit personalpolitisk mål om mangfald bland dei tilsette, og vi ønskjer ei balansert samansetjing i kjøn og alder og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn. Som søkjar bør du merke deg at opplysningar om deg kan bli gjort offentlege, sjølv om du ber om ikkje å bli ført opp på ei offentleg søkjarliste.