Gå til hovedinnhold

Kartverket

Kartverket er ein etat under Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Kartverket er ein av dei eldste tekniske etatane i Noreg. Under ulike namn har verksemda halde på utan avbrot sidan 1773.

Kvart år blir om lag 1,5 millionar eigedomar og rettsstiftingar tinglyst gjennom Kartverket.

Kvar dag blir det gjort 1 million oppslag i matrikkelen, det nasjonale eigedomsregisteret.

Kartverket driftar over 1200 serverar og har ein datalagringskapasitet på 10 petabyte.

Kartverkets kartdatabasar blir kvar veke oppdatert med fleire tusen nye og endra objekt, frå nye vegtrasear og elveløp til stiar og hyttefelt.

Dei siste åra har i snitt ca. 80 000 km2 blitt flyfotografert kvart år i regi av nasjonalt program for omløpsfotografering og Geovekst.

Kartverket leier for tida det største landkartleggingsprosjektet i Noreg nokon gong - der heile heile landet blir laserskanna og lagt inn i ein ny, svært detaljert høgdemodell.

Kvart år blir fleire tusen nye stadnamn lagt inn i sentralt stadnamnregister, som inneheld over 1 million namn.

Få jobbvarsler fra Kartverket direkte til innboksen din