Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet

Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har om lag 170 tilsette og er sekretariat for digitaliserings- og forvaltningsministeren. Departementet har ansvar for IT- og forvaltningspolitikk, elektronisk kommunikasjon, arbeid med FNs berekraftsmål, det administrative ansvaret for statsforvaltarane, statleg arbeidsgivarpolitikk og statleg bygg- og eigedomsforvaltning.

Dei underliggjande etatane og verksemdene til departementet er Digitaliseringsdirektoratet, Datatilsynet, Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom), Statsbygg, Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og statsforvaltarane.

Avdeling for styring og organisasjon består av seksjon for økonomi og styring, seksjon for organisasjon og sikkerheit, dokumentasjonsseksjonen og eining for statsråden sitt kontor og kontorstøtte. Avdelinga har ansvaret for å ivareta stabsfunksjonar for politisk leiing og departementsråd. Avdelinga utviklar òg styringssystem og overordna retningslinjer for ei effektiv og samordna leiing av departementet. 

Seksjon for økonomi og styring har ansvar for samordning av arbeidet til departementet med statsbudsjett og statsrekneskap, oppfølging av reglement for økonomistyring i staten, koordinering og oppfølging etatsstyring i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet og riksrevisjonssaker, internkontroll og internstyring, rekneskap, internbudsjett, tilskot og innkjøp.

Få jobbvarsler fra Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet direkte til innboksen din