Jurist (rådgivar/seniorrådgivar)

Rekrutterer
Sted
Oslo
Publisert
18. mai 2018
Søknadsfrist
3. juni 2018
Kontakt
Geir Holen 22939983, Anne Merethe Bellamy 22939843
Posisjon
Spesialist
Arbeidstid
Fulltid
Jobbtype
Fast
Sektor
Offentlig

Vi søker jurist med interesse for verdipapirmarknaden 
Jurist (rådgivar/seniorrådgivar) - seksjon for infrastruktur og marknader - Finanstilsynet

Finanstilsynet arbeider for at finansinsføretak og finansmarknader fungerer trygt og effektivt til det beste for samfunnet og brukarane av finansielle tenester. Vi har om lag 280 tilsette og held til i moderne lokale i Oslo sentrum.

Det er ledig ei fast stilling som jurist i seksjon for infrastruktur og marknader. Seksjonen har ansvaret for tilsynet med infrastrukturen i verdipapirmarknaden (børsar, andre regulerte marknader og såkalla multilaterale handelsfasilitetar), verdipapir­register og sentrale motpartar. Seksjonen driv òg marknadsovervaking og har tilsyn med marknadsåtferd og shortsal. Nye oppgåver i seksjonen er knytte til regelverket for infrastruktur (EMIR) og varederivat.

Vi ser for oss at stillinga passar for deg som er jurist med erfaring frå og interesse for verdipapirmarknaden.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene omfattar særleg løpande saksbehandling med transaksjonar i verdipapirmarknaden og i infrastrukturen, som behandling av søknader, utgreiing og lovtolking.
  • Mogleg deltaking i internasjonalt arbeid.
  • Kontakt med aktørane i verdipapirmarknaden, andre offentlege myndigheiter og EU/EØS-organ.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

  • Søkarar må ha juridisk embetseksamen (cand.jur./mastergrad i rettsvitskap) med gode resultat.
  • Erfaring frå verdipapirmarknaden er ønskeleg.
  • Minimum tre års arbeidserfaring.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne, både på norsk og engelsk.
  • Godt juridisk skjønn.
  • Gode samarbeidsevner og evne til å jobbe effektivt og sjølvstendig.
  • Det blir lagd vekt på at du er personleg eigna.

Vi tilbyr

I tillegg til spennande arbeidsoppgåver og eit godt arbeidsmiljø med kunnskapsrike kollegaer, kan vi tilby:

  • Gode velferdsordningar og ein generelt fleksibel personalpolitikk
  • Pensjonsordning og moglegheit for lån i Statens pensjonskasse
  • Fleksibel arbeidstid og betalt overtid
  • Gode treningsfasilitetar og moglegheit for trening i arbeidstida
  • Tiltreding og lønn etter avtale

Anna

  • Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkarliste. I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkarane kan bli offentliggjorde sjølv om søkarane har bedt om å bli unntekne frå å bli førte opp på søkarlista. Søkarane vil i tilfelle bli varsla om dette i forkant.
  • Vi utfører bakgrunnssjekk av personen som blir tilsett i stillinga.
  • For nærmare omtale av Finanstilsynet, sjå www.finanstilsynet.no.



--------------------------------------------------------
Vennligst referer til DN.no i din søknad.