Direktør

Rekrutterer
Sted
Bergen
Publisert
5. juli 2018
Søknadsfrist
18. august 2018
Kontakt
Håkon Rasmussen 48298090, Gro Reinertsen 97559058
Posisjon
Toppleder
Arbeidstid
Fulltid
Jobbtype
Fast
Sektor
Privat

Som direktør i Skyss vil du ha ei viktig rolle i den vidare utviklinga av kollektivtilbodet i fylket. Du vil legge til rette for at organisasjonen når sine mål i tråd med politiske vedtak. Samstundes vil du vere ein pådrivar i arbeidet med utvikling og vekst i tilbodet til dei reisande og gi politisk leiing eit godt grunnlag for å kunne ta avgjersler som er fagleg forankra, i tråd med nasjonale og internasjonale forventningar.

Vi ønskjer deg med høgare utdanning og solid leiarerfaring med dokumenterte gode resultat. Du blir motivert av å vere med på å bygge samfunnet på ein miljømessig god måte, og å legge tilrette for gode tenester for innbyggarane i Hordaland. Du trivst med marknadsorientert arbeid i ein framtidsretta organisasjon.

Gjennom god evne til å engasjere og motivere dine tilsette vil du vidareutvikle organisasjonen. Kollektivbransjen står i mange spanande utfordringar framover, og du vil sikre at dette blir møtt på ein profesjonell og fagleg godt forankra måte.

Det er ønskeleg at du har solid økonomikunnskap og erfaring frå komplekse prosessar. Vidare vil vi vektlegge god rolleforståing for arbeid i skjeringspunktet mellom politikk og administrasjon.

Kompetent, offensiv og i dialog er dei grunnleggande verdiane i Hordaland fylkeskommune, og desse skal danne basis for all leiing.

Fleire opplysningar får du hos fylkesdirektør samferdsel Håkon Rasmussen tlf. 482 98 090  eller hos Mercuri Urval v/ Gro Reinertsen tlf. 975 59 058 og Johanne Sognefest-Haaland tlf. 975 59 051.Last opp din CV og søknad på jobbnorge.no SØK HER innen 18.08.2018 eller besøk www.mercuriurval.no. Alle førespurnader til Mercuri Urval vert handsama konfidensielt, om ønskeleg óg overfor oppdragsgjevar.

Om selskapet

Skyss var oppretta i 2007 og har ansvar for planlegging, innkjøp og marknadsføring av kollektivtransporttenester for buss, bybane og båt i Hordaland. Vi set i verk vedtekne strategiar og tiltak for å nå politiske mål som skal forbetre og vidareutvikle kollektivtilbodet i fylket. Skyss er organisert som ei eining under Samferdselsavdelinga i Hordaland fylkeskommune og har omlag 80 tilsette.

Vår direktør gjennom mange år går over i ei anna stilling og vi ser derfor etter hans etterfølgjar.



--------------------------------------------------------
Vennligst referer til DN.no i din søknad.