Teknisk sjef

VIL DU UTFORDRE DEG SJØLV I EI AV VESTLANDETS MEST SPENNANDE STILLING?


Innovasjon, anbod, nybygg, hydrogen og batteri er berre nokre av stikkorda som gjer seg gjeldande i det grøne skiftet, der Fjord1 er ein viktig og sentral aktør. Det grøne skiftet vil danne grunnlag for framtidas ferjedrift i Noreg. Med mange nye samband vunne, fleire anbod undervegs, og 25 nybygg kontrahert, står vi ovanfor spennande utfordringar dei komande åra.

Som teknisk sjef har du ansvar for vedlikehaldsstrategi, og du er ein pådrivar i å finne nye innovative løysingar innan hydrogen, batteri, LNG og tradisjonell dieselteknologi. Fjord1 har som mål å vere leiande innan miljøteknologi, og som teknisk sjef vil du ha ei sentral rolle for å ivareta denne posisjonen.
Vi søkjar deg som er strategisk, ser kreative løysingar og har fagleg kompetanse til å kunne utvikle selskapet ytterlegare.
Stillinga har kontorstad i Florø, og rapportera til sikkerheit- og maritim teknisk direktør.

Arbeidsoppgåver

  • Sentral og aktiv rolle i selskapet si utvida leiargruppe
  • Personalansvarleg for teknisk avdeling
  • Budsjett – og økonomistyring Prosjektstyring
  • Sentral i anbodsprosessar
  • Selskapet sin spydspiss innan framtidsretta teknologiske løysingar
  • Støtte til driftsavdeling Forhandlingar med leverandørar

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning innan relevant fagområde
  • Solid erfaring frå tilsvarande/relevant stilling

 

Personlege eigenskapar

  • Evne til å handtere komplekse prosjekt/problemstillingar
  • Oppteken av kvalitet i arbeidsoppgåver
  • Lojal og med stor gjennomføringskraft
  • Gode leiareigenskapar – engasjert og motiverande
  • Proaktiv, resultatorientert og evne til å tenke strategisk
  • God til å kommunisere med andre

Vi tilbyr

  • Ei utfordrande og spennande stilling
  • Ei stilling der ein får vekse og utvikle seg
  • Dyktige kollegaer i eit solid fagmiljø
  • Konkurransedyktig løn, forsikring og pensjonsordning
  • Fleksible arbeidsordningar
  • Gode velferdsordningar