Administrasjonssjef

Rekrutterer
Sted
Bykle
Publisert
9. november 2018
Søknadsfrist
4. desember 2018
Kontakt
Jan Tveit 97539990, Janne Siri Horne 90721164
Posisjon
Toppleder
Arbeidstid
Fulltid
Jobbtype
Fast
Sektor
Privat

Bykle kommune ligg øvst i Setesdal i Aust-Agder fylke. Det er to bygdesenter i kommunen, Bykle kyrkjebygd der kommuneadministrasjonen ligg, og turiststaden Hovden. God kommuneøkonomi har gjort det mogeleg å investere i gode tilbod innan helse- og sosial, barn - og ungdom, kultur- og fritid. Vi har særs gode aktivitetsbygg både i Bykle og på Hovden. Her kan ein oppleve ein god oppvekst, utfordrande næringsliv, eit mangfald av fritidstilbod og ein trygg alderdom. Kommunen har ca. 940 innbyggjarar. For meir informasjon, sjå www.bykle.kommune.no

Administrasjonssjef 

 Bykle kommune er på jakt etter ein strategisk, handlekraftig og omgjengeleg administrasjonssjef som kan leie, vidareutvikle og tilpasse kommunen sine tenester. Som administrasjonssjef vil du leie ein godt organisert og kompetent organisasjon og ha tett kontakt med politisk leiing, tilsette, tillitsvalde og kommunen sine innbyggjarar. Fokus på effektiv drift, kvalitet og økonomi er nøkkelord for denne toppleiarstillinga.

Sentrale arbeidsoppgåver:  

  • Leie og utvikle den kommunale verksemda  
  • Økonomistyring og rapportering  
  • Sakshandsaming og oppfølging av politiske vedtak  
  • Profilere og representere kommunen  
  • Digitalisere verksemda  
  • Interkommunalt og regionalt samarbeid  
  • Samfunns- og næringsutvikling  

Ynskja kvalifikasjonar:  

  • Høgare utdanning innan relevante fagfelt  
  • Leiarutdanning og/eller leiarerfaring  
  • Grunnleggjande økonomiforståing  
  • Erfaring som leiar frå kommunal/offentleg verksemd  

Vi ser etter deg som:  

  • Er sosial og omgjengeleg  
  • Er handlekraftig og har god evne til gjennomføring  
  • Involverer og kommuniserer godt  
  • Evnar å vere tydeleg  
  • Er god på å byggja relasjonar og har godt humør  

 Vi kan mellom anna tilby:  

  • Ei sentral toppleiarstilling med stor påverknad på viktige samfunnsområde i nært samspel med politisk nivå  
  • Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver  
  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og motiverte medarbeidarar  
  • Konkurransedyktig løn og god pensjonsordning i KLP  
  • Flyttegodtgjersle etter eige reglement  
  • Hjelp til å skaffe bustad  

Ved spørsmål kontakt gjerne Ordførar Jon Rolf Næss, tlf. 92834567, eller ein av våre rådgjevarar hjå Headvisor; Jan Tveit (97539990) eller Janne Siri Horne (90721164).  

Fram til søknadsfristen går ut vil alle førespurnader handsamast konfidensielt, om ynskjeleg også overfor oppdragsgjevar. I medhald til offentlighetslova § 25, 2.ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje verte oppført på søkjarlista. Du vert varsla dersom unnatak frå offentleggjering ikkje vert teke til følgje.  

Kortfatta søknad med CV sendast snarast og innan 04. desember.


--------------------------------------------------------
Vennligst referer til DN.no i din søknad.