Rådmann

Rekrutterer
Sted
Fyresdal
Publisert
14. februar 2019
Søknadsfrist
16. mars 2019
Kontakt
Erik Skjervagen 95036172, Øystein Aarrestad 90833304
Posisjon
Toppleder
Arbeidstid
Fulltid
Jobbtype
Fast
Sektor
Offentlig

Fyresdal kommune er ein liten, men handlekraftig kommune i Vest-Telemark. Vi legg særleg vekt på gode bu- og etablerartilhøve, og har sterk fokus på nytenking og utvikling. Vår hovudmålsetjing er: Gjennom handlekraft, fleksibilitet og og utradisjonelle løysingar skal Fyresdal vere ein framifrå stad å bu og virke.

Da vår novarande rådmann sluttar våren 2019, søkjer vi hans etterfølgjar.

Arbeidsoppgåver

Vi søkjer ein framtidsretta og engasjert samfunnsbyggjar som kan:

  • Gjennom aktivt leiarskap motivere og skape engasjement hos medarbeidarar, folkevalde, innbyggjarar og næringsliv til vidare vekst og positiv utvikling i kommunen.
  • Vidareutvikle og tilpasse kommunen sine gode tenester i dialog med dei folkevalde, innbyggjarane, næringslivet, medarbeidarane og deira organisasjonar.
  • Skape motivasjon og arbeidslyst og arbeidslyst hos medarbeidarane gjennom ein framtidsretta arbeidsgjevarpolitikk.

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning 
  • Gode leiareigenskapar og relevant leiarerfaring frå offentleg og/eller privat verksemd med godt dokumentera resultat
  • God økonomiforståing
  • Gode kommunikasjonsevner - skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du er tydeleg, handlekraftig og løysningsorientera
  • Du arbeider målretta, delegerer, gjev ansvar og har gjennomføringskraft
  • Du er omgjengeleg og uformell
  • Du er lyttande, motiverande og tillitsskapande - og med evne til lagarbeid
  • Du er innovativ og likar utfordringar


--------------------------------------------------------
Vennligst referer til DN.no i din søknad.