Administrerande Direktør

Sted
Bjordal/Sløvåg
Publisert
4. september 2019
Søknadsfrist
29. september 2019
Kontakt
Liv Braathen 48849499, Camilla Høgøy Helleseth 46426866
Posisjon
Leder
Arbeidstid
Fulltid
Jobbtype
Fast
Sektor
Privat

Sidan Arne Olav Østerbø starta opp i 1977 har Østerbø Maskin AS vakse til å verte ei av dei viktigaste bedriftene i området. Østerbø har hatt ei jamn og god utvikling dei siste åra og er kjent for sine kvalitetsprodukt, gode service og litande løysingar. Selskapet omsette i 2018 for 83,2 mill. kr der halvparten genererast innan havbruk. Hovudkontoret ligg på Østerbø ved Bjordal i Høyanger kommune med avdeling i Sløvåg i Gulen. Østerbø er leverandør av litande løysingar innan strømaggregat, utstyr til havbruksnæringa og elektromekanisk produksjon, samt elektroinstallasjon og sakkyndig kontroll. Bedrifta har i dag omlag 30 tilsette med sterk fleirfagleg kompetanse.

Om stillinga:

Er du vår nye drivande dyktige Administrerande Direktør? Østerbø Maskin AS treng ein toppleiar som vågar å vere med å skape og vidareutvikle eit lite «industrieventyr» i Ytre Sogn. Du får det overordna ansvaret for å styre selskapet i retninga styret stakar ut. Du må vere god på økonomi, folk, lagspel (meir enn fotball), strategi og ha ei gjennomslagskraft det går gjetord om. Du vil vere overordna ansvarleg for å skape ein attraktiv arbeidsplass som framleis skal vere kjend for å levere litande løysingar til kundane. Velkommen til Østerbø!

Til Østerbø Maskin AS søker vi no Administrerande Direktør som vil ha det overordna strategiske og operative ansvaret for å leie verksemda i tråd med rammevilkåra og målsettingane styret vedtek. Stillinga vil ha overordna ansvar for drift, utvikling og vekst i Østerbø, deriblant ansvar for økonomiske resultat og rapportering av nøkkeltal i alle forretningseiningar.

Som administrerande direktør er du overordna ansvarleg for å vidareutvikle organisasjonen og kulturen, samt sikre at Østerbø framleis leverer litande løysingar til kundane.

  Hovudansvar og oppgåver

  • Overordna ansvar for å gjennomføre og tilpasse mål og strategi vedteke av styret og leiargruppa, derunder innføring og oppfølging av desse
  • Overordna ansvar for ekstern og intern kommunikasjon
  • Sikre at bedrifta har oppdaterte og gode driftssystem
  • Sikre at bedrifta tilpassar seg endringar i marknaden og utviklar seg i tråd med marknadspotensialet
  • Skape ein attraktiv arbeidsplass gjennom vidareutvikling av kultur og medarbeidarar og sikre rett kompetanse på rett stad i organisasjonen
  • Myndigheitskontakt og overordna HMS-ansvar
  • Merkevarebygging og synlegheit
  • Vidareutvikle eksisterande samarbeid og skape nye strategiske alliansar
  • Bistand i eventuelle oppkjøpsprosessar med ansvar for integrering av nye selskap

Bakgrunn og kompetanse

  • Relevant høgare utdanning – helst teknisk i kombinasjon med leiing og økonomi
  • Minimum 5 års relevant leiarerfaring, helst industribedrift
  • God økonomiforståing
  • Bransjeerfaring er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Prosjektleiing og prosjektmetodikk
  • Lean og prosessforbetring
  • Erfaring med kultur- og organisasjonsbygging
  • God IT-kompetanse, digital forståing og interesse
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk. God på formidling og innsal

Personlege eigenskapar

  • Forretningsforståing: Du forstår verksemda sine strategiar og prioriteringar og brukar kunnskapen til å oppnå måla.
  • Litande: Du etablerer truverd, møter utfordringar med rak rygg og andre menneske på ein god måte
  • Sterk kommunikator: Du formidlar informasjon klart og lett, både munnleg og skriftleg.
  • Relasjonsbyggar: Du søker stadig å etablere truverd, tillit og innflytelse hos kundar og andre. Samarbeider på tvers av etablerte rapporteringsliner.
  • Lagspelar: Du set «vi» høgre enn «eg». Du motiverast av å gjere andre gode, deler ansvar og hjelper gruppa med å få jobben gjort.
  • Resultatorientert: Du set utfordrande mål og jobbar hardt for å nå dei

Vi tilbyr

  • Solid selskap med store vekstambisjonar
  • Ei spennande stilling med stor moglegheit til å påverke
  • God kultur, kompetente medarbeidarar som etterlever godt forankra verdiar
  • Konkurransedyktige vilkår

  Lokalisering og reise Stillinga rapporterer til styret i Østerbø Maskin AS og arbeidsstad vil vere Østerbø og/eller Sløvåg.   Meir informasjon For meir informasjon om stillinga kan du kontakte Bønes Virik Executive Search:
Liv Braathen, Partner 488 49 499 eller Camilla Høgøy Helleseth, Executive Researcher, 464 26 866

Syns du dette er interessant? Send oss nokre ord om kvifor og legg ved CV-en din via: https://bonesvirik.no/stillinger/. Søknadsfrist er søndag 29. september.
 

--------------------------------------------------------
Vennligst referer til DN.no i din søknad.