Gå til hovedinnhold

Denne stillingen har utløpt

Administrerande direktør

Arbeidsgiver
Helse Vest RHF
Sted
Rogaland
Søknadsfrist
14. februar 2020

Vis mer

Bransjer
Helse / Sosial
Arbeidstid
Fulltid
Jobbtype
Fast
Sektor
Privat

Stillingsopplysninger

Ein av dei mest spennande og utfordrande leiarjobbane på Vestlandet er ledig frå 2020!

Administrerande direktør i Helse Vest RHF har ansvaret for den daglege leiinga av det regionale helseføretaket og utøvinga av eigarskapet av helseføretaka i regionen.

Vi søkjer ein tydeleg og samlande leiar med gode kommunikasjonsevner, stor arbeidskapasitet og særs god samfunnsforståing. Aktuelle kandidatar har solid leiarerfaring på strategisk nivå i store komplekse kompetanseverksemder og erfaring frå leiing på område som dekkjar fag, økonomi og politikk. Det er vidare ein fordel med erfaring frå offentleg sektor og kjennskap til helsesektoren.

For meir informasjon om stillinga kontakt vår rådgjevar i prosessen, Per Inge Hjertaker hos Headvisor, tlf. 91729682, eller styreleiar Einar Strømsvåg, tlf. 90079856. Send kortfatta søknad med CV snarast og seinast innan 14. februar 2020.

Fram til søknadsfristen går ut vil alle førespurnader handsamast konfidensielt, om ynskjeleg også overfor oppdragsgjevar. I medhald til offentlighetslova § 25, 2.ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje verte oppført på søkjarlista. Du vert varsla dersom unnatak frå offentleggjering ikkje vert teke til følgje.



--------------------------------------------------------
Vennligst referer til DN.no i din søknad.

Firma

Helse Vest RHF (regionalt helseføretak) har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Vi sørgjer for at kring 1,1 million innbyggjarar i regionen får dei spesialisthelsetenestene dei har krav på. Verksemda omfattar spesialiserte helsetenester innanfor fysisk helse, psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Våre hovudoppgåver er å sørgje for pasient-behandling, opplæring av pasientar og pårørande, utdanning av helsepersonell og forsking.
Meir om oss på www.helse-vest.no

Finn oss
Telefon
51963800
Sted
LØNN- OG REGNSKAPSSENTERET, POSTBOKS 303
STAVANGER
NO

Få jobbvarsler

Opprett et jobbvarsel og få tilpassede jobbanbefalinger rett i innboksen din.

Opprett varsel