Administrerande direktør - Helse Vest IKT

Sted
Bergen
Publisert
2. oktober 2020
Søknadsfrist
8. november 2020
Kontakt
Per Inge Hjertaker tlf: 91729682,
Posisjon
Toppleder
Arbeidstid
Fulltid
Jobbtype
Fast
Sektor
Offentlig

Administrerande direktør i Helse Vest IKT har ansvaret for den daglege leiinga av selskapet, og skal i tett samspel med helseføretaka og brukarane vidareutvikle selskapet som eit strategisk og operativt verkemiddel for utvikling og trygg drift innan IKT området for helseføretaka i regionen. Vi søkjer ein samlande, synleg, pedagogisk og resultatorientert leiar med stor arbeidskapasitet og evne til å stå i krevjande prosessar over tid. Du har solid leiarerfaring på strategisk nivå i større komplekse kompetanseverksemder, og hatt ansvar for prosessar der digital transformasjon og IKT har vore viktig for utvikling av kjerneverksemda. Det er ein føresetnad å ha leia på strategisk nivå i grensesnittet mellom fag, leiing, økonomi og politikk og ha kjennskap til offentleg sektor.

For meir informasjon om stillinga kontakt vår rådgjevar i prosessen, Per Inge Hjertaker hos Headvisor, tlf. 91729682, eller styreleiar Inger Cathrine Bryne, tlf. 91356788. Kortfatta søknad med CV snarast og seinast 8. november 2020.

 

Helse Vest IKT AS er eit heileigd dotterselskap av Helse Vest RHF etablert i 2004. Selskapet er eit resultat av samanslåing av IKT-avdelingane ved helseføretaka i Helse Vest, og leverer utstyr og tenester innanfor IKT-området til spesialisthelsetenesta i Helse Vest. Selskapet skal bidra til ei betre helseteneste ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Helse Vest IKT AS sin visjon er å bidra til ei forenkling av pasienthandsaminga i vid forstand. Selskapet har om lag 600 medarbeidarar, 36.000 brukarar og omsetning i 2019 på 1.15 mrd. kroner. Helse Vest IKT AS har hovudkontor i Bergen, og elles kontor i Førde, Florø, Haugesund, Stavanger, Voss, Odda og Stord. Meir om oss på www.helse-vest-ikt.no

--------------------------------------------------------
Vennligst referer til DN.no i din søknad.