Gå til hovedinnhold

Denne stillingen har utløpt

Direktør rederiverksemd

Arbeidsgiver
Havforskningsinstituttet
Sted
Bergen
Søknadsfrist
18. oktober 2020

Stillingsopplysninger

Direktør for Havforskingsinstituttet si rederiverksemd

Havforskingsinstituttet (HI) er eitt av dei største marine forskingsinstitutta i Europa, med vel tusen tilsette og ei rekkje forskingsfasilitetar og laboratorium av høg internasjonal standard. Hovudaktivitetane våre er forsking, rådgjeving og overvaking. Havforskingsinstituttet eig og driv seks forskingsfartøy. Hovudkontoret vårt ligg i Bergen. Vi har også avdeling i Tromsø, og forskingsstasjonar i Matre, Austevoll og Flødevigen.

Havforskingsinstituttet skal vere ein leiande kunnskapsleverandør for å sikre ei bærekraftig forvalting av ressursane i dei marine økosystema, både nasjonalt og internasjonalt, og for heile kjeda frå hav til mat, inkludert det marine miljøet, fiskeernæring og trygg og sunn sjømat.

Om stillinga

Personen som vert tilsett vil få det overordna ansvaret for strategisk planlegging, økonomistyring og leiing av rederiverksemda. Rederidirektøren ivaretek den eksterne verksemda mot samarbeidande eigar- og brukarinstitusjonar i Noreg (Norad, UiB, UiT og Polarinstituttet), i tillegg til eit stort internasjonalt fagleg nettverk. Stillinga inngår i leiargruppa ved instituttet og rapporterar til direktør.

Rederidirektøren har det overordna ansvaret for HMS og kvalitet for rederiverksemda og må ha kjennskap til, og erfaring med det nasjonale og internasjonale regelverk og standardar som gjeld for slik verksemd. Rederidirektøren har også det overordna ansvaret for vedlikehald av fartøy og vitenskapleig utstyr og instrumenter, og kontrahering og bygging av nye forskingsfartøy. Representasjon av  Havforskingsinstituttet i internasjonale samarbeidsfora for forskingsfartøy inngår i stillinga.

Arbeidsstad vil vere i Bergen. Ein del reiseverksemd må påreknast. 

Om rederiet

Havforskingsinstituttet sitt rederi er ei strategisk viktig avdeling for datainnsamling, observasjon og overvaking av havet og kystområda som Noreg forvaltar eller har interesser i. I tillegg til dei sju fartøya som vert drifta  av rederiet, følgjer vi også opp arbeidet som skjer på innleigde fartøy. Vi samordnar også bruken av fartøy og avansert forskningsutstyr. 

Toktverksemda og organiseringa av denne skjer i regi av toktkomiteen. Toktkomiteen koordinerer seglingsprogram for eitt år om gongen. Dette er eit  samarbeid mellom Havforskingsinstituttet og dei eksterne brukarane av fartøya våre.

Rederiverksemda er i dag organisert i to seksjonar; Fartøydrift og Fartøyinstrument. Seksjon Fartøydrift er ansvarleg for bemanning og drift av fartøya medan Seksjon Fartøyinstrument ivaretek det vitskapelege utstyret som vert nytta til innsamling av prøvar og data. Omlag 200 personar er knytt til rederiet, og omlag 155 av desse er skipsmannskap.

Kvalifikasjonskrav

Vi er interessert i kandidatar med høgare nautisk og/eller teknisk utdanning, og relevant arbeids- og leiarerfaring frå tilsvarande verksemd. Erfaring frå rederi eller Sjøforsvaret vil være eit føremon.

Det er også naudsynt med gode kunnskapar om skipstekniske system og utstyr, og om teknologi  knytt til vitskapeleg utstyr og instrument på fartøy.

Det vert stilt krav til gode kommunikasjonseigenskapar, samt god skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk og engelsk. Ein stadig meir digital kvardag krev også at ein meistrar digitale verktøy, og kan handtere dei administrative og faglege systema som Havforskingsinstituttet nyttar.  

Det vert også lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Søkjar må kunne samarbeide med mange typar fagfolk, og motivere og inspirere til samarbeid og effektiv drift. Den rette kandidaten er og strukturert, og meistrar å sjå heilheit. Det er viktig at ein  taklar stort arbeidspress, har evne til å ta gode og av og til raske avgjersler, og at ein  gjennomfører desse på ein god måte. 

Vi tilbyr

  • arbeid i ein leiande forskingsinstitusjon, med stor samfunnsmessig verdi
  • eit spanande og solid fagmiljø
  • fleksitidsordning, med sommar- og vintertid
  • offentleg tenestepensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • bedriftshytter
  • bedriftsidrettslag

Inkludering og mangfald, og positiv særbehandling

Havforskingsinstituttet har fokus på mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn. Havforskingsinstituttet er ei IA-bedrift, og vi ønskjer å legge forholda til rette for søkjarar
med redusert funksjonsevne.

Dersom det finns kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar med rett til positiv særbehandling, må du oppfylle visse krav. Du kan lese meir om krava her.

For å synliggjere at du ønskjer å bli vurdert som søkjar med rett til positiv særbehandling ber vi deg krysse av for dette i jobbportalen når du søkjer.

Ytterlegare informasjon

Stillingen vert lønt i intervallet frå kr 934 800 til kr 1 060 700 i samsvar med Hovedtariffavtalen i staten. Fra bruttoløna vert det trekt 2 % innskot til statens pensjonskasse. Høgare løn kan verte vurdert for spesielt godt kvalifiserte kandidatar. 

Søknad må sendast elektronisk via Jobb Norge. CV, relevante attestar og vitnemål må leggast ved i søknaden.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde, sjølv om søkjaren har bedt om å vera unnateken søkjarlista. Søkjaren vil bli orientert om dette på førehand.

Ønskjer du fleire opplysninger om stillinga kan du kontakte direktør Sissel Rogne på mob. 907 32 123 eller direktør for Rederi Per W. Nieuwejaar mob 913 17 465. Besøk gjerne våre nettsider på www.hi.no.

--------------------------------------------------------
Vennligst referer til DN.no i din søknad.

Firma

Havforskingsinstituttet (HI) er eitt av dei største marine forskingsinstitutta i Europa, med vel tusen tilsette og ei rekkje forskingsfasilitetar og laboratorium av høg internasjonal standard. Hovudaktivitetane våre er forsking, rådgjeving og overvaking. Havforskingsinstituttet eig og driv seks forskingsfartøy. Hovudkontoret vårt ligg i Bergen. Vi har også avdeling i Tromsø, og forskingsstasjonar i Matre,

Austevoll og Flødevigen. Havforskingsinstituttet skal vere ein leiande kunnskapsleverandør for å sikre ei bærekraftig forvalting av ressursane i dei marine økosystema, både nasjonalt og internasjonalt, og for heile kjeda frå hav til mat, inkludert det marine miljøet, fiskeernæring og trygg og sunn sjømat.

.

Finn oss
Website

Få jobbvarsler

Opprett et jobbvarsel og få tilpassede jobbanbefalinger rett i innboksen din.

Opprett varsel