Avdelingsdirektør for frivilligheitstøtte

Sted
Førde
Publisert
3. oktober 2020
Søknadsfrist
18. oktober 2020
Kontakt
Atle Hamar, 99284300
Posisjon
Toppleder
Arbeidstid
Fulltid
Jobbtype
Fast
Sektor
Offentlig

Lotteri- og stiftelsestilsynet er ein spennande arbeidsplass med over 70 kunnskapsrike og engasjerte tilsette. Vi er to statlege tilsyn i ein organisasjon - begge med eit viktig samfunnsoppdrag.

Vi skal vere eit av samfunnet sine viktigaste virkemiddel for å sikre ansvarlege pengespel, sterk frivilligheit og trygge stiftelsar.

Dei to tilsyna har felles administrasjon og held til i Førde. Sjå www.lottstift.no

Lotteri-og stiftelsestilsynet skal sikre ei sterk frivilligheit. For å oppnå dette har vi oppretta ei ny avdeling for frivilligheitsstøtte, og vi søker no ny avdelingsdirektør. Dette er ei ny stilling, og du får vere med å utforme den. 

Avdelinga har ansvar for å samle, forenkle og forvalte fleire tilskots- og støtteordningar for frivilligheita i Noreg. I 2019 fordelte Lotteri- og stiftelsestilsynet nær 2,7 milliardar kroner. I år har vi også fått ansvar for krisepakkane til frivilligheita i samband med covid-19. Ein viktig del av jobben er å stadig gjere det enklare for frivilligheita å finne fram i og søke på våre ordningar.

Denne avdelinga har 11 tilsette, og som leiar vil du sitte i leiargruppa i Lotteri- og stiftelsestilsynet. 

Arbeidsoppgåver

  • leiar vil ha personal-, fag- og økonomiansvar for avdelinga
  • du er i Lotteri- og stiftelsestilsynet si leiargruppe, og rapporterer direkte til direktør
  • stillinga medfører mykje kontakt med overordna styresmakter, viktige brukargrupper og media
  • forvaltning av fleire store tilskotsordningar, som m.a. momskompensasjonsordningar, speleoverskotet til Norsk Tipping og krisepakkar
  • tilsyn med grasrotandelen og kontroll med tilskotsordningane våre
  • arbeid med kunnskapsformidling og regelverk
  • utviklingsarbeid knytt til digitale søknadssystem

Kvalifikasjonar

  • mastergrad, lang relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • god forståing av offentleg forvaltning og frivilleg sektor
  • leiarerfaring og erfaring med endringsleiing er ein fordel
  • erfaring med digitale utviklingsprosjekt er ein fordel
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på nynorsk og bokmål

Personlege eigenskapar

  • strategisk og analytisk
  • vere målretta og ha god gjennomføringsevne
  • flink til å motivere og inspirere
  • god på å gjere andre gode (tillitsbasert og involverande leiing)
  • gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • eit tverrfagleg arbeidsmiljø med breitt samansett kompetanse og erfaringsbakgrunn
  • positive og engasjerte medarbeidarar med stor interesse for sine fagområde
  • varierte og utfordrande arbeidsoppgåver der du kan påverke din eigen arbeidskvardag
  • gode velferdsordningar og ein generelt fleksibel personalpolitikk, også når det gjeld vidareutdanning, kurs og opplæring
  • medlemskap i Statens Pensjonskasse, som gjev gunstige pensjons- og lånevilkår
  • fleksibel arbeidstid
  • moderne kontorbygg i Førde sentrum, med eige treningsrom og kantine

Lønn blir fastsett på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Stillinga er utlyst som Avdelingsdirektør med stillingskode 1060. Det blir trekt 2 prosent av lønna til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har ei prøvetid på seks månader. Dersom du ønskjer å reservere deg frå å stå på offentleg søkarliste må du opplyse om dette, og grunngje det i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om å ikkje stå på den offentlege søkarlista. Vi varslar deg dersom oppmodinga di om å stå som anonym søkar ikkje blir tatt til følgje.

Å vere inkluderande og mangfaldige ser vi på som ein styrke. Vi ønskjer tilsette med ulik kompetanse, ulike fagkombinasjonar, ulike perspektiv og ulik livserfaring. Vi legg til rette for tilsette som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn kallar vi inn minst ein av søkarane i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurderte som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må søkar oppfylle visse krav. Les meir om desse på «Arbeidsgiverportalen».

Vi oppmodar søkarar som har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn om å krysse av for dette i Webcruiter. Det dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer om i sine årsrapportar. 

--------------------------------------------------------
Vennligst referer til DN.no i din søknad.