Gå til hovedinnhold

Denne stillingen har utløpt

Direktør for Direktoratet for e-helse

Arbeidsgiver
Helse- og omsorgsdepartementet
Sted
Oslo
Søknadsfrist
15. mars 2021

Vis mer

Bransjer
Offentlige tjenester / Forvaltning
Arbeidstid
Fulltid
Jobbtype
Fast
Sektor
Offentlig

Stillingsopplysninger

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) har det overordna ansvaret for at folk får gode og likeverdige helse- og omsorgstenester. Departementet har ansvar for folkehelsepolitikken og for primærhelse- og spesialisthelsetenesta, herunder e-helse, helserett og eigarskapsforvalting av helseføretaka.

Direktoratet for e-helse er eit forvaltingsorgan underlagt HOD. Direktoratet har som samfunnsoppdrag å styrkje digitaliseringa i helse- og omsorgssektoren for å stø oppunder effektive og samanhengande helse- og omsorgstenester. Direktoratet skal leggje til rette for nasjonal samordning og ei heilskapleg og føreseieleg e-helseutvikling.

Direktoratet for e-helse skal som nasjonal myndigheit varetake heilskapen på e-helseområdet og vere ein fagleg rådgjevar, pådrivar og premissgjevar i digitaliseringsarbeidet i helse- og omsorgssektoren. Direktoratet skal hjelpe til så vedteken politikk blir sett i verk i tråd med føringane departementet gjev. Direktoratet for e-helse skal samle behova i sektoren og utarbeide framlegg til nasjonale strategiar og planar, og opptre nasjonalt fagleg normerande med ansvar for å utvikle, formidle og vedlikehalde nasjonale rettleiarar og retningsliner på e-helseområdet. Direktoratet for e-helse har ansvaret for gjennomføring av nasjonale program som Heilskapleg samhandling, Helsedataprogrammet, Legemiddelprogrammet og Program for kodeverk og terminologi.

Direktoratet har hovudkontor i Oslo og ei avdeling i Trondheim. Verksemda har i dag 145 tilsette. Les meir på ehelse.no.

Direktør for Direktoratet for e-helse

Direktoratet for e-helse skal styrkje digitaliseringa i helse- og omsorgssektoren for å stø oppunder effektive og samanhengande tenester. Direktøren har det overordna ansvaret for at direktoratet legg til rette for nasjonal samordning og ei heilskapleg og føreseieleg e-helseutvikling.

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • aktivt jobbe for å forme og tydeleggjere den nasjonale rolla direktoratet har som premissgjevar og pådrivar for utvikling av e-helseområdet
  • sørgje for at direktoratet gjennomfører og leverer på dei store nasjonale programma i tråd med retningsliner og rammer gjevne av departementet
  • aktivt jobbe for å skape, vidareutvikle og vedlikehalde eit godt samarbeid med alle relevante aktørar

Kvalifikasjonskrav:

  • høgare utdanning, gjerne på masternivå
  • leiarerfaring, gjerne frå større komplekse verksemder
  • har erfaring frå å leie komplekse program eller prosjekt innanfor offentleg sektor der digitalisering har vore ein viktig komponent – kan vise til gode resultat
  • god kunnskap om offentlege avgjerdsprosessar
  • er god på strategisk kommunikasjonsarbeid  
  • kunnskap om aktørar og utfordringar i helsesektoren er ein føremon
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Vi søkjer etter ein direktør som:

  • har fagleg autoritet og er tillitsvekkjande
  • har svært god rolleforståing og høg personleg integritet
  • er strategisk orientert
  • er lyttande og samlande
  • er resultat- og utviklingsorientert og har god gjennomføringsevne
  • har brei samfunnsorientering
  • evner å byggje relasjonar og samarbeide med myndigheiter, sektoren, brukarorganisasjonar og næringslivet

Vi tilbyr:

  • løn etter avtale innanfor statens leiarlønssystem
  • ei åremålsstilling på 6 år, men høve til å sitje i to periodar
  • ei spennande rolle i et direktorat med eit viktig samfunnsoppdrag
  • eit fagleg dyktig arbeidsmiljø med engasjerte og trivelege kollegaer

Du må vere norsk statsborger, og må kunne tryggingsklarerast for strengt hemmeleg.

Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing.

Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som treng det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.

Interesserte kan før søknadsfristen ta fortruleg og uforpliktande kontakt med Bendik N. Blindheim, Beate Ottem Svanes eller Freja Landewall i ISCO Group, tlf. 22 06 87 00.

Meir informasjon får du dessutan ved departementsråd Bjørn-Inge Larsen, tlf. 22 24 84 07 og ekspedisjonssjef Lars Bjørgan Schrøder, tlf. 91 70 83 78.

For å søka på stillinga, ver vennleg og registrer din CV og søknad snarast mogleg og innan 15. mars 2021 på Iscogroup.no.

Det blir utarbeidt offentleg søkjarliste etter søknadsfristen. Vil du reservere deg mot oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngje det i søknaden. Opplysningar kan offentleggjerast for di om du har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista, men du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje blir teke til følgje.
--------------------------------------------------------
Vennligst referer til DN.no i din søknad.

Firma

Statens helsetilsyn er et faglig uavhengig organ under Helse- og omsorgsdepartementet. Helsetilsynet har det overordnede ansvaret for faglig tilsyn med helse- og omsorgstjenestene, barnevern og sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen.

Statsforvalterne har en sentral rolle i gjennomføringen av tilsynene på vegne av Helsetilsynet. Helsetilsynet har om lag 130 tilsatte og har et sterkt og aktivt fagmiljø med medisinsk- og helsefaglig, sosialfaglig, barnevernfaglig, samfunnsfaglig og juridisk kompetanse.

Få jobbvarsler

Opprett et jobbvarsel og få tilpassede jobbanbefalinger rett i innboksen din.

Opprett varsel