Ekspedisjonssjef Forbrukar-, trus- og livssynsavdelinga

Sted
Oslo
Publisert
1. februar 2021
Søknadsfrist
28. februar 2021
Kontakt
Ann-Kristin Nyrønning,92085397, Dag Thomas Gisholt, 97758936
Posisjon
Leder
Arbeidstid
Fulltid
Jobbtype
Fast
Sektor
Offentlig

Barne- og familiedepartementet (BFD) har ansvar for barnevern, den generelle barne- og ungdomspolitikken, familie og samliv, tru og livssyn og forbrukarpolitikk. Departementet har etatsstyringsansvar for seks underliggjande verksemder. BFD har omkring 150 tilsette fordelte på fire avdelingar og ei kommunikasjonseining. For meir informasjon, sjå www.regjeringen.no

Ekspedisjonssjef Forbrukar-, trus- og livssynsavdelinga

Forbrukar-, trus- og livssynsavdelinga (FTL) har ansvar for politikkutvikling og lovforvalting innanfor det forbrukarpolitiske området og på trus- og livssynsfeltet. Avdelinga arbeider med eit breitt spekter av verkemiddel innanfor politikkområda med hovudvekt på lov- og politikkutvikling, tilskotsordningar, strategiar, handlingsplanar og FoU. FTL deltek i internasjonalt arbeid på det forbrukarpolitiske området, i fora som EU/EØS, Europarådet, Nordisk Ministerråd, OECD og Sameinte Nasjonar.

Avdelinga har ca. 25 tilsette fordelte på to seksjonar: seksjon for forbrukarvern og seksjon for trus- og livssynspolitikk. Avdelinga har ansvar for tre underliggjande verksemder; Forbrukarrådet, Forbrukartilsynet og Opplysningsvesenets fond.

I tida framover vil særleg arbeidet med ikraftsetjing av ny trussamfunnslov, oppfølging av både forbrukarmeldinga og stortingsmelding om Opplysningsvesenets fond og ei god oppfølging av omorganiseringa av verkemiddelapparatet på forbrukarområdet vere prioritert.

Ny ekspedisjonssjef vil ha ansvar for å leie og utvikle arbeidet i avdelinga og å medverke til å nå sentrale strategiske mål for avdelinga og departementet. Ekspedisjonssjefen vil vere ein nær rådgjevar for politisk leiing og må ha eit engasjement for vidareutvikling av politikkområda.

Ekspedisjonssjefen skal leie og motivere medarbeidarar med høg fagleg kompetanse, og bidra til auka samhandling og samarbeid på tvers i departementet som del av toppleiargruppa.

Aktuelle kandidatar har relevant høgare utdanning, relevant leiarerfaring og innsikt i statleg forvaltning og styring. Vi ser etter ein trygg og tydeleg leiar med gjennomføringsevne og gode samarbeids- og kommunikasjonsevner. Vi vil leggje vekt på evne til strategisk tenking og godt heilskapsblikk.

Løn etter avtale innanfor statens leiarlønssystem.

Ta gjerne konfidensiell og uforpliktande kontakt med våre rådgjevarar i BackerSkeie; Ann-Kristin Nyrønning, tlf. 920 85 397/Mats Herman Hjelmtvedt, tlf. 958 84 959 eller departementsråd Dag Thomas Gisholt, tlf. 977 58 936. Legg inn søknad med CV  via «Karriere» på www.backerskeie.no innan 28. februar 2021.

Inkludering og mangfald er ein styrke. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar uavhengig av bakgrunn til å søkje jobb i BFD. Vi arbeider for å realisere måla i regjeringas inkluderingsdugnad om at 5 prosent av alle nytilsette i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege, jf. offentleglova § 25. Reservasjon mot oppføring på offentleg søkjarliste må grunngjevast skriftleg. Søkjaren vil bli varsla dersom oppmodinga ikkje blir følgd.
--------------------------------------------------------
Vennligst referer til DN.no i din søknad.