Gå til hovedinnhold

Denne stillingen har utløpt

Faggruppeleiar tilbodsutvikling

Arbeidsgiver
Skyss
Sted
Sandsli
Søknadsfrist
18. mai 2021

Stillingsopplysninger

Korleis skal vi skape løysingar for kollektivtrafikk og mobilitet som både ivaretek miljøet og behova til innbyggjarane? 

Skyss skal gjennom framtidsretta mobilitetsløysingar utvikle berekraftige byar og bygder i Vestland! Vi har som mål å gje den enkelte moglegheit for å reise frå der dei er til dit dei skal. Dette gjer vi ved å utvikle og tilby attraktive kollektiv- og mobilitetstenester med utgangspunkt i FN sine berekraftsmål. I dag utvikler vi tilbodet med buss, bybane, ferje og båt i heile Vestland fylke. Det ligg store oppgåver framfor oss både med å utvikle dette tilbodet vidare - og å etablere nye mobilitetsløysingar. Digital transformasjon gir nye moglegheiter for å utnytte store data og ny teknologi, og sy tenester saman på nye måtar til det beste for innbyggjarane i Vestland.

Til arbeidet med å utvikle kollektiv- og mobilitetstilbodet søker vi ein leiar med interesse og engasjement for berekraftig utvikling og gode mobilitetsløysingar. I stillinga vil du bidra til å forme kollektivtrafikk og mobilitetsløysningar for framtida.

Skyss er ei eining i Vestland fylkeskommune med om lag 100 tilsette og eit budsjett på vel 4 milliardar kroner.  

Arbeidsoppgåver

Som leiar for faggruppa tilbodsutvikling vil du jobbe med strategisk utvikling og konkrete planar for det samla kollektiv- og mobilitetstilbodet i Vestland. Dette er eit tett samarbeid mellom avdelingsleiar, faggruppa og andre kompetansemiljø i og utenfor Skyss. Arbeidet inneber mellom anna utvikling av 

  • linjenett med buss og bybane i Bergensområdet gjennom samarbeid i Byvekstavtalen
  • samanhengande regionalt kollektivnett som bind fylket saman med buss, båt og ferje
  • nye mobilitetsløysingar som "Hent meg", mikromobilitet, delingsløysingar og sjølvkjørande transport

Til stillinga ligg også oppgåver knytt til

  • nullsleppsløysingar for alle transportformer, gjennom t.d elektrifisering av buss og båttransport
  • bidrag til by- og samfunnsutvikling gjennom fysisk tilrettelegging for mobilitet og kollektivtrafikk, t.d  i byrom, knutepunkt, haldeplassar og terminalar
  • å bygge nettverk og ha dialog med sentrale samfunnsaktørar

Leiar for faggruppa vil ha personalansvar for medarbeidarane i gruppa og bidra til godt samarbeid med dei andre fagmiljøa i organisasjonen.

Fagområdet vårt er i rask utvikling, og du vil kunne få ei nøkkelrolle i å skape dei nye, gode løysingane som både tek omsyn til miljøet og til transportbehova til innbyggjarane.

Kvalifikasjonar

Vi ønsker kandidatar som har

  • høgare relevant utdanning, f.eks. mastergrad eller tilsvarande
  • erfaring med leiing i komplekse organisasjonar, evt. erfaring som prosjekt-/prosessleiar
  • god formidlingsevne, skriftleg og muntleg
  • kjennskap til Bergen og vestlandsregionen er ein fordel.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som

  • brenn for berekraftig utvikling, og har engasjement for kollektivtransport og mobilitet
  • er interessert i ny teknologi, store datamengder (big data) og moglegheitene dette kan gje for analyse og innsikt
  • ønsker å leie og inspirere dyktige kunnskapsmedarbeidarar
  • er ein relasjonsbyggjar med evne og lyst til formidling
  • trivst med mange ballar i lufta, og likevel evner å behalde struktur og oversikt
  • er fleksibel og samarbeidsorientert
  • kan omsette strategiske mål i konkrete resultat.

Vi tilbyr

  • ei unik moglegheit til å forme eit godt kollektiv og mobilitetstilbod i heile Vestland fylke
  • eit godt miljø med fagleg sterke og engasjerte kollegaer
  • gode og stabile arbeidstilhøve i Vestland fylkeskommmune
  • fleksibel arbeidstidsordning
  • løn etter avtale
  • gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.

Andre opplysningar

  • Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk
  • Stillinga er ei fast tilsetjing i Vestland fylkeskommune
  • Stillinga har kontorstad på Sandsli i Bergen, fram til nytt fylkesbygg i Bergen sentrum står klart
  • Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25,2.ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjar som har bedt om unntak vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort

--------------------------------------------------------
Vennligst referer til DN.no i din søknad.

Firma

Hordaland fylkeskommune har som ei av sine oppgåver å arbeide for eit best mogeleg kollektivtilbod i fylket. Skyss planlegg, kjøper og marknadsfører kollektivtransporttenester for buss, bybane og båt. Vårt arbeid innverkar på kvardagen til veldig mange menneske og vi har stor respekt for oppgåva. Kontoret vårt ligg i Bergen sentrum. For meir informasjon sjå www.skyss.no

Finn oss
Website

Få jobbvarsler

Opprett et jobbvarsel og få tilpassede jobbanbefalinger rett i innboksen din.

Opprett varsel