Leiar internrevisjonen

Leiar for internrevisjonen har ansvar for å vidareutvikle og drifte ein objektiv og uavhengig internrevisjon for Helse Vest RHF og dei føretaka som er ein del av føretaksgruppa Helse Vest.

Internrevisjonen skal på vegne av styret i Helse Vest RHF overvake og bidra til forbetringar i føretaksgruppa si verksemdstyring, risikostyring og internkontroll. Internrevisjonen skal arbeide i samsvar med etablerte standardar for internrevisjon (IIA) og krav til internrevisjon i staten (R-117). Det er utarbeida eigen instruks for arbeidet. Internrevisjonen er underlagt styret i Helse Vest RHF. Den rapporterer til styret sitt revisjonsutval og administrativt til administrerande direktør.

Arbeidsoppgåver

  • Sjå etter at risikostyring og internkontroll er tilpassa risikoen i føretaksgruppa og bidrar til å sikre:
    • målretta, kostnadseffektiv og berekraftig bruk av ressursar
    • påliteleg styringsinformasjon
    • etterleving av regelverk, eigarkrav og eigne vedtekne krav
    • oppfølging og læring av feil og avvik rapportert frå interne og eksterne tilsyns- og kontrollinstansar
  • Uavhengig og objektivt gje uttalar og råd for å bidra til verdiskaping i føretaksgruppa
  • Vurdere korleis føretaksgruppa handterer risikoen for mishald
  • Utarbeide forslag til ein årleg risikobasert revisjonsplan der prioriteringane til internrevisjonen sitt arbeid er i samsvar med føretaksgruppa sine mål
  • Gjennomføre revisjonar i samsvar med vedteken plan både i føretaksgruppa, i avtaleinstitusjonar og hos avtalespesialistar. Bidra til ein årleg årsmelding frå revisjonsutvalet og internrevisjonen
  • Leie internrevisjonen, og vere sekretariat for revisjonsutvalet
  • Vurdere behov for, og gjennomføre kjøp av eksterne tenester

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning på masternivå
  • God kjennskap til offentleg sektor og internrevisjon, R-117 og IIA-standardane og etiske krav
  • Solid erfaring frå eller kunnskap om revisjon, internrevisjon, verksemdstyring, IKT, risikostyring og internkontroll - gjerne frå helse eller andre store og komplekse organisasjonar
  • Stor evne til gjennomføring, og dokumenterte gode resultat frå relevant verksemd
  • Evne til å prioritere det som er vesentleg og vere vant til å arbeide sjølvstendig i samspel med andre
  • God skriftleg og munnleg evne til å kommunisere på norsk og engelsk, og kunne formidle og forenkle komplekse problemstillingar
  • Evne til å tilpasse seg organisasjonens mål og strategiar
  • Evne til å raskt å få overblikk over komplekse verksemder og saker, og setje seg inn i nye oppgåver

Personlege eigenskapar

  • Evne til å motivere og prioritere
  • God evne til å samarbeide og kommunisere
  • Sjølvstendig, etterretteleg og med høg personleg og faglig integritet
  • Gode analytiske evner og heilskapsforståing
  • God rolleforståing, evne til å ta hand om ulike roller og være medviten i møte med ulike einingar i organisasjonen, og med forståing for politikk
  • Kunne arbeide målretta, teamorientert og legge til rette for god samhandling internt og eksternt
  • Initiativrik, og med evne til å levere resultat og handtere store omfang og kompleks informasjon samstundes med gjennomføring av revisjonar

For meir informasjon om stillinga kontakt våre rådgjevarar i prosessen Per Inge Hjertaker / Trond Sandvik hos Headvisor, tlf. 91729682 / 95055233, eller leiar Gunnar Berge i styret sitt revisjonsutval, tlf. 95874944. Kortfatta søknad med CV snarast og seinast 31.mai 2021.
 

Helse Vest RHF har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland og Vestland. Verksemda har om lag 29 000 medarbeidarar, omfattar fem helseføretak med tilhøyrande institusjonar og yter tenester til 1.1 million innbyggjarar. Meir om oss på www.helse-vest.no.


--------------------------------------------------------
Vennligst referer til DN.no i din søknad.