Seksjonssjef  - seksjon for prospekt og finansiell rapportering

Rekrutterer
Sted
Oslo
Publisert
21. mai 2021
Søknadsfrist
14. juni 2021
Kontakt
Anne Merethe Bellamy tlf: 22939843
Posisjon
Leder
Arbeidstid
Fulltid
Jobbtype
Fast
Sektor
Offentlig

Avdeling for marknadstilsyn, seksjon for prospekt og finansiell rapportering, fører tilsyn med at noterte føretak sine årsrekneskapar, delårsrekneskapar og anna finansiell rapportering er avlagd i samsvar med lov og forskrift, medrekna IFRS. Seksjonen kontrollerer også at EØS-prospekt oppfyller dei nødvendige innhaldskrava, og øvrige vilkår, ved notering på børs/regulert marknad eller ved offentlege tilbod om kjøp/teikning av omsettelege verdipapir. Seksjonen består for tida av 17 høgt kvalifiserte medarbeidarar, inkludert seksjonssjefen. 

Sakene som blir behandla er kompliserte, og ofte av stor allmenn interesse. Arbeidet rettar seg mot utskrivarar av omsettelege verdipapir og rådgivarane deira, der omsynet til investorvern er heilt sentralt. Oppgåvene omfattar også oppfølging av rapporteringsplikter og noko analysearbeid. Stillinga inneber utstrakt kontakt med noterte føretak, revisjonsselskap og andre aktørar innafor verdipapirmarknaden, så vel som dialog med ESMA og andre lands tilsynsmyndigheiter.   

Seksjonssjefen skal leie og inspirere medarbeidarane sine i ein variert arbeidskvardag, der det er store krav til fagleg kvalitet og effektivitet i gjennomføringa, blant anna gjennom digitalisering og effektive arbeidsprosessar.  

Kvalifikasjonar

  • Cand.jur./master i rettsvitskap eller anna relevant høgare utdanning, som f.eks. økonom på master-/hovudfagsnivå eller statsautorisert revisor 
  • Kunnskapar om og/eller erfaring frå verdipapirmarknaden 
  • Erfaring frå tilsynsverksemd og/eller offentleg forvaltning blir tillagt vekt
  • Leiarerfaring blir tillagt vekt 
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk 

Personlege eigenskapar

  • Vere engasjert og initiativrik med gode leiar- og samarbeidsevner. 
  • Kunne motivere, rettleie og utvikle medarbeidarar og legge vekt på eit godt arbeidsmiljø. 
  • Ha høg grad av gjennomføringsevne og vere ein pådriver for å skape gode resultat og gode prosessar. 
  • Ha analytiske ferdigheiter, beslutnings- og kommunikasjonsevne. 

Det blir lagt vekt på at den som blir tilsett er personleg eigna.

Vi syner elles til leiarkriteria i Finanstilsynet, der ein leiar

  • tenkjer helheitleg 
  • set høg fagleg standard 
  • tek ansvar for at oppgåver blir løyste med god ressursbruk 
  • ser medarbeidarane sine og tek ansvar for eit godt arbeidsmiljø        

Vi tilbyr

  • Utfordrande arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for utvikling i eit hyggjeleg, sosialt miljø med høg fagkompetanse 
  • Lønn og tiltreden etter avtale 
  • Fleksibel arbeidstid og betalt overtid 
  • Pensjonsordning og moglegheit for lån i Statens pensjonskasse, sjå www.spk.no
  • Gode velferdsordningar og ein generelt fleksibel personalpolitikk, også når det gjeld vidareutdanning, kurs og opplæring.


Anna

  • Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkarliste. 
  • Vitnemål og karakterar må leggjast ved søknaden. 
  • Vi utfører bakgrunnssjekk av den som blir tilsett i stillinga. 
  • Finanstilsynet arbeider aktivt med digitalisering. Digital kompetanse vil derfor bli vektlagt.  
  • For nærmare omtale av Finanstilsynet, sjå www.finanstilsynet.no 
  • Dei tilsette i Finanstilsynet må følgje strenge etiske retningslinjer, sjå www.finanstilsynet.no/om-finanstilsynet/etiske-retningslinjer/ 
  • Finanstilsynet er opptatt av mangfald, og vi oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, etnisk bakgrunn eller hol i CV. Dersom det er mogleg, vil vi tilrettelegge for medarbeidarar som har behov for det. For positiv særbehandling sjå: http://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling 


Finanstilsynet arbeider for at finansforetak og finansmarkeder fungerer trygt og effektivt til det beste for samfunnet og brukerne av finansielle tjenester. Vi har om lag 300 ansatte og holder til i moderne lokaler i Oslo sentrum.
--------------------------------------------------------
Vennligst referer til DN.no i din søknad.