Gå til hovedinnhold

Denne stillingen har utløpt

Likestillings- og diskrimineringsombud

Arbeidsgiver
Kulturdepartementet
Sted
Oslo
Søknadsfrist
17. oktober 2021

Vis mer

Bransjer
Offentlige tjenester / Forvaltning
Arbeidstid
Fulltid
Jobbtype
Fast
Sektor
Offentlig

Stillingsopplysninger

Viktig samfunnsoppdrag

Annonse

Vi søkjer eit offensivt og engasjert likestillings- og diskrimineringsombod med brei samfunnsmessig orientering og god rolleforståing. Aktuelle kandidatar må trivest i aktivitet overfor omverda, i kontakt med heile bredda av norsk samfunnsliv og ved profilering gjennom mellom anna media og foredrag. 

Rett kandidat har innsikt i forvaltninga, forståing for tilsynsrolla og kompetanse og erfaring som gir høg legitimitet hos ulike samarbeidsaktørar. Vi søkjer ein lyttande og tydeleg leiar som skaper tillit, har høg integritet og som bidrar til å gjere ombodets rolle og arbeidsfelt synleg.

Søkarar bør ha høgre utdanning, gjerne på masternivå, og relevant leiarerfaring frå offentleg og/eller privat verksemd. Vi søkjer ein synleg og samlande leiar med evne til å inspirere og motivere. Aktuelle kandidatar kombinerer gode leiareigenskapar, analytiske evner og kommunikasjonsferdigheiter.  

Ombodet blir tilset på åremål for ein periode på seks år. Løn etter avtale.

Ta gjerne konfidensiell og uforpliktande kontakt med Randi Flugstad tlf. 905 84 138 / Kristin Høy Lian tlf. 482 31 646 i Amrop Delphi.

Etter søknadsfristens utløp vil det bli utarbeida offentleg søkjarliste. Ber du om å bli unntatt frå denne lista, må dette grunngjevast i søknadsportalen, og du vil få tilbakemelding på dette. Om dette ikkje kan imøtekommast, vil du få moglegheit til å trekkje søknaden.  
Det er ønskeleg å speile mangfaldet i samfunnet, og vi oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar uavhengig av bakgrunn og tilhøyrsle til å søkje.

Likestillings- og diskrimineringsombodets hovudoppgåve er å fremme likestilling og kjempe mot diskriminering grunna kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Ombodet hjelper med rettleiing og klagesaksbehandling samt dokumenterer, systematiserer og analyserer kunnskap om kva som fremmer likestilling og hindrar diskriminering. Likestillings- og diskrimineringsombodet har fokus på førebygging i tett samarbeid med sivilsamfunnet. Ombodet har ansvar for å overvake at norsk rett samsvarer med FNs kvinnekonvensjon, rasediskrimineringskonvensjon (CERD) og konvensjon om rettigheiter for personar med nedsett funksjonsevne (CRPD).

Les meir på www.ldo.no

Firma

Kulturdepartementet (KUD) har ansvar for den statlige politikken og forvaltningen på områdene kultur, opphavsrett, medier, idrett, frivillig virksomhet, tros- og livssynssamfunn og pengespill og lotteri.

Få jobbvarsler

Opprett et jobbvarsel og få tilpassede jobbanbefalinger rett i innboksen din.

Opprett varsel