Gå til hovedinnhold

Denne stillingen har utløpt

Direktør Helseklage

Arbeidsgiver
BackerSkeie Executive Search
Sted
Bergen
Søknadsfrist
7. november 2021

Vis mer

Bransjer
Offentlige tjenester / Forvaltning
Arbeidstid
Fulltid
Jobbtype
Fast
Sektor
Offentlig

Stillingsopplysninger

Helse- og omsorgsdepartementet skal tilsetje direktør for Nasjonalt klageorgan for helsetenesta (Helseklage). 

Helseklage vart skipa 1. januar 2016 etter ei samanslåing av fleire klagesaksområde i helseforvaltinga, og er i dag sekretariat for fire ulike nemnder: Pasientskadenemnda, Statens helsepersonellnemnd, Klagenemnda for behandling i utlandet og Apotekklagenemnda. I tillegg handsamar Helseklage klager på vedtak frå mellom anna Helsedirektoratet og Helfo. Helseklage er det største samla fagmiljøet for juristar i Bergen. 

Ny direktør skal leie ein solid kompetanseorganisasjon med eit klart samfunnsoppdrag. Helseklage er ein viktig del av den norske helseforvaltinga, og skal motverke feilbehandling, urett og uetisk åtferd. Hovudmålet er å varetake rettane pasientane har. 

Vi søkjer ein strategisk, samlande og engasjert direktør til Helseklage. Viktige mål frametter er å halde oppe høg kvalitet i sakshandsaminga og ha rask og god saksavvikling. Avgjerdene i nemndene skal vere godt grunngjevne og forståelege for brukarane, og verksemda i nemndene skal vere godt kjend for pasientar, helsepersonell og ålmenta elles.  

Ny direktør er ein trygg og tydeleg leiar som kommuniserer godt med fagmiljøa og som samlar Helseklage rundt langsiktige utviklingsmål. Aktuelle kandidatar har høge ambisjonar og oppnår tillit både i eigen organisasjon og ute. 

Gjennomføringsevne og styringskraft gjennom tydeleg og tillitvekkjande leiing blir lagt vekt på. God innsikt i og forståing for statleg forvalting, styring og avgjerdsprosessar er sentralt. Innsikt i helse-/velferdssektoren er ein føremon. Vi legg vekt på personlege føresetnader for å kunne leie og representere verksemda, både internt og eksternt. Gode kommunikasjonsevner er naudsynt. Relevant høgare utdanning, gjerne på masternivå, er eit krav. 

Vi tilbyr 

  • utfordrande og spennande arbeidsoppgåver som er svært viktige for samfunnet 
  • løn etter avtale innanfor statens leiarlønssystem 
  • eit fagleg dugande og spennande arbeidsmiljø med engasjerte og trivelege kollegaer 
  • fleksitidordning og gode velferdsordningar


Mangfald og inkludering

I Helse- og omsorgssektoren meiner vi at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer difor medarbeidarar med ulik kompetanse, ulike fagkombinasjonar og ulike perspektiv som kan gje endå betre oppgåveløysing.
 

Ta gjerne konfidensiell og uforpliktande kontakt med rådgjevarane våre i BackerSkeie, Ann-Kristin Nyrønning, tlf. 23 00 31 58/Ingunn Lian, tlf.  992 52 475, eller Helse- og omsorgsdepartementet ved ekspedisjonssjef Espen Aasen, tlf. 913 53 290. Søknad med CV registrerer du via "Karriere" på www.backerskeie.no innan 7. november 2021. 

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege, jf. offentleglova § 25. Reservasjon mot oppføring på offentleg søkjarliste må grunngjevast skriftleg. Søkjaren blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje blir teke til følgje.
 

Om Helseklage

Nasjonalt klageorgan for helsetenesta (Helseklage) er ein statleg etat under Helse- og omsorgsdepartementet. Helseklage varetek rettstryggleiken til brukarar og tilsette i helsetenestene. Vurderingane våre er viktige for livssituasjonen til dei einskilde og for fellesskapsinteressa i offentleg finansierte og velfungerande helsetenester. Helseklage har omkring 170 tilsette og held til i Bergen sentrum. Meir informasjon finn du på www.helseklage.no. 

Firma

BackerSkeie har siden starten i 2004 utviklet seg til å bli et ledende selskap innen executive search i Norden med 15 kompetente og motiverte konsulenter på våre kontorer i Oslo og København.

Vi bistår våre klienter gjennom kjernetjenestene executive search, styreevaluering og -rekruttering og leder- og ledergruppeevaluering. BackerSkeie er premium partner av en global og eksklusiv plattform for konsulenter innen executive search i mer enn 100 byer og 60 land. 

Vår misjon er å skape betydelige verdier for våre klienter gjennom rekruttering av de beste lederne. Våre konsulenter bringer klienter sammen med de beste kandidatene. Vi leverer den høyeste kvalitet på vår rådgivning gjennom konsulenter spesialisert på ulike bransjer, støttet av en teamorientert organisasjon, solide prosesser og anerkjente verktøy. Våre kjerneverdier er: 

  • Client first 
  • Best in class 
  • Great team 

Disse kjerneverdiene er fundamentet for vårt samarbeid med klienter, kandidater og kolleger.

Finn oss
Website

Få jobbvarsler

Opprett et jobbvarsel og få tilpassede jobbanbefalinger rett i innboksen din.

Opprett varsel