Gå til hovedinnhold

Denne stillingen har utløpt

Analytisk og nytenkande revisor

Arbeidsgiver
Lotteri- og stiftelsestilsynet
Sted
Førde
Søknadsfrist
22. mai 2022

Vis mer

Bransjer
Offentlige tjenester / Forvaltning
Stillinger
Konsulent / Rådgivning
Arbeidstid
Fulltid
Jobbtype
Fast
Sektor
Offentlig

Stillingsopplysninger

Vi søker etter ein revisor til Stiftelsestilsynet, som skal vere med å utvikle tilsynsarbeidet vårt saman med eit engasjert og sterkt fagmiljø.

Samfunnsoppdraget til Stiftelsestilsynet er å trygge norske stiftelsar og bidra til at stiftelsar kan vere ein attraktiv måte å utvikle samfunnet på. Det gjer vi ved å utarbeide og dele kunnskap, gi informasjon og rettleiing til styra i norske stiftelsar. Vi fører også tilsyn og kontroll med at stiftelsar etterlever regelverket, og at dei forvaltar midlane i tråd med formålet. Det ligg store verdiar i norske stiftelsar og målet er at mest mogeleg av desse midlane skal gå til formåla.

Som revisor hos oss får du ei viktig rolle i arbeidet med å forbetre korleis vi jobbar med risikoanalyse, og du vil vere ei økonomifagleg tyngde inn i tilsynsteamet vårt. Alle stiftelsar har revisor og det er viktig å utvikle samarbeidsflatene inn mot denne bransjen. Det gjeld også inn mot andre interesseorganisasjonar, offentlege aktørar og private kontrollinstansar, for å sikre samfunnsoppdraget.

Stillinga gir stor breidde og variasjon, og høve til å tenke nytt. Vi ser derfor etter deg som jobbar sjølvstendig, som nyttar handlingsrommet du får og du likar å sette deg inn i nye tema og område.

Du likar å jobbe med tal og samanstillingar, og har god forståing for rekneskap og revisjon. Vi ser etter deg som er analytisk, og som har lyst å jobbe tverrfagleg med å utvikle arbeidet i i Stiftelsestilsynet.

Har du spørsmål eller berre lyst å høyre meir om arbeidet? Ring oss, vi fortel gjerne om jobben.

Dette vil du jobbe med:
  • Utøve tilsyn og kontroll etter stiftelseslova.
  • Forebyggande arbeid og utvikling av tilsynsmetode.
  • Analyse av rekneskap og økonomisk dokumentasjon.
  • Bistå i utvikling av strukturar for risikoanalyse.
  • Rettleiing og dialog med stiftelsar og samarbeidspartnarar.
  • Vere med å utvikle fagområdet.
Kvalifikasjonar:
  • Master innan revisjon og rekneskap eller tilsvarande.
  • Bachelor med lengre og relevant erfaring kan erstatte krav om master.
  • Erfaring frå revisjon eller anna økonomistilling.
  • Fordel med erfaring frå privat revisjon, selskapsrett og analysearbeid.
Du bør kjenne deg igjen i dette:
  • Du tek initiativ, er løysingsorientert og jobbar sjølvstendig.
  • Du samarbeider godt med andre og likar å jobbe tverrfagleg.
  • Du er strukturert og analytisk.
  • Du er samfunnsengasjert og har evne til å tenke heilskapleg.
  • Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne.

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr

  • eit tverrfagleg arbeidsmiljø med breitt samansett kompetanse og erfaringsbakgrunn
  • positive og engasjerte medarbeidarar med stor interesse for fagområda sine
  • varierte og utfordrande arbeidsoppgåver der du kan påverke din eigen arbeidskvardag
  • gode velferdsordningar og generelt fleksibel personalpolitikk, også når det gjeld vidareutdanning, kurs og opplæring
  • medlemskap i Statens Pensjonskasse, som gir gunstige pensjons- og lånevilkår
  • fleksibel arbeidstid og betalt overtid
  • moderne kontorbygg i Førde sentrum, med eige treningsrom og kantine
  • IA-bedrift

Lønn blir fastsett på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Stillinga er utlyst som rådgivar/seniorrådgivar stillingskode 1434/1364. Det blir trekt 2 prosent til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har ei prøvetid på seks månader.

Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på offentleg søkarliste må du opplyse om dette, og grunngi kvifor i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Dersom oppmodinga di om reservasjon ikkje blir tatt til følge, varslar vi deg på førehand.

Å vere inkluderande og mangfaldige ser vi på som ein styrke. Vi ønsker tilsette med ulik kompetanse, ulike fagkombinasjonar, ulike perspektiv og ulik livserfaring. Vi legg til rette for tilsette som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.


 

Lotteri- og stiftelsestilsynet er eit av samfunnets viktigaste verkemiddel for å sikre ansvarlege pengespel, ei sterk frivilligheit og trygge stiftelsar i Norge. Kultur- og likestillingsdepartementet gir rammene for arbeidet vårt, og vi jobbar heile tida for å styrke brukarane våre.

Vi blei oppretta i Førde i 2001, og oppdraga våre utviklar seg stadig. No er vi nær 80 kunnskapsrike og engasjerte tilsette, med brei fagleg bakgrunn. 

Sjå www.lottstift.no for meir info.

--------------------------------------------------------
Vennligst referer til DN.no i din søknad.

Firma

Lotteri- og stiftelsestilsynet er eit statleg organ under Kulturdepartementet som omfattar to fagtilsyn – Stiftelsestilsynet og Lotteritilsynet.

Stiftelsestilsynet har tilsynsansvar for 6800 norske stiftelsar. Lotteritilsynet har ansvar for og kontroll av spela til Norsk Tipping og Norsk Rikstoto, ansvar for arbeidet med marknadskontroll og speleåtferd, i tillegg til ansvar for den nasjonale eininga som skal kartlegge, førebygge og motarbeide manipulering av idrettsresultat.

Vidare forvaltar Lotteritilsynet den norske lotterimarknaden, har ansvar for ordninga med kompensasjon av meirverdiavgift til frivillige organisasjonar, og fører tilsyn med grasrotdelen hos Norsk Tipping.

Tilsynet held til i Førde, og har i dag totalt 73 tilsette. For meir informasjon om organisasjonen og oppgåvene deira, sjå www.lottstift.no
 

Få jobbvarsler

Opprett et jobbvarsel og få tilpassede jobbanbefalinger rett i innboksen din.

Opprett varsel