Kommunedirektør

Sted
Hyllestad
Publisert
5. mai 2022
Søknadsfrist
23. mai 2022
Kontakt
Per Jorem 40021560, Jan Tveit 97539990
Posisjon
Toppleder
Arbeidstid
Fulltid
Jobbtype
Fast
Sektor
Offentlig

Utfordrande leiarstilling i attraktiv kommune

Hyllestad kommune søkjer ein trygg og tydeleg kommunedirektør med ein tillitvekkjande leiarstil. Vår nye toppleiar må vera god på økonomistyring og endringsleiing, men må samstundes vera ein heilskapstenkjande og god strateg.

Sentrale oppgåver for ny kommunedirektør:

  • Vera oppteken av kommunen si rolle som samfunnsutviklar/tilretteleggjar, i tett samarbeid med politisk leiing.
  • Leiing og samordning av heile den administrative verksemda i kommunen.
  • Utvikla Hyllestad kommune vidare som ein brukarorientert, open, nyskapande og kompetent organisasjon.
  • Vera bindeledd mellom folkevalde organ og administrasjonen.
  • Etablera gode relasjonar mot næringslivet i kommunen og ulike eksterne samarbeidspartar.

Me ønskjer at vår nye leiar skal vera motiverande, samlande, inkluderande og god på gjennomføring. Gode kommunikasjonsevner og evne til samarbeid med både interne og eksterne aktørar vil bli vektlagt. Som kommunedirektør må du forstå og meistra samspelet mellom politikk, administrasjon og tillitsvalde.

Søkjarar må ha relevant høgare utdanning og kunne syna til gode resultat i tidlegare leiarstilling. Erfaring frå/god kjennskap til offentleg forvalting er ein føresetnad. Me kan tilby løn etter avtale og ei utfordrande leiarstilling der du, saman med dyktige medarbeidarar , vil få ei sentral rolle i kommunen si vidare utvikling.

For nærare informasjon om stillinga, kontakt ordførar Kjell Eide, tlf. 992 71 900, eller våre rådgjevarar hjå Headvisor, Per Jorem tlf. 400 21 560 / Jan Tveit tlf. 975 39 990.

Søknad med CV innan 23.05.2022

 



--------------------------------------------------------
Vennligst referer til DN.no i din søknad.