Avdelingsdirektør, seksjon for budsjett og styring

Sted
Oslo
Publisert
4. august 2022
Søknadsfrist
4. september 2022
Kontakt
Ann-Kristin Nyrønning 92085397, Tove Flølo 99579150
Posisjon
Leder
Arbeidstid
Fulltid
Jobbtype
Fast
Sektor
Offentlig

Samferdselsdepartementet er regjeringa sitt utøvande organ for politikkutforming, forvalting, etatsstyring og eigarstyring innanfor transportsektoren. Samferdselsdepartementet skal bidra til effektive, tilgjengelege, sikre og miljøvennlege løysingar som dekkjer samfunnet sitt behov for transport og fremjar regional utvikling.

Departementet har etatsstyringsansvar for seks underliggjande etatar og eigaroppfølging av sju selskap/føretak. Samferdselsdepartementet har omkring 150 tilsette fordelt på fire avdelingar og ei kommunikasjonseining. For meir informasjon, sjå regjeringen.no.

Avdelingsdirektør, seksjon for budsjett og styring

Samferdselsdepartementet søkjer avdelingsdirektør seksjon for budsjett og styring. Seksjonen har det overordna ansvaret for arbeidet med statsbudsjettet, etatsstyringa og økonomistyringa i departementet. Dette inneber blant anna oppfølging av reglement for økonomistyring i staten, risikostyring/internkontroll, statsrekneskapen og departementet sitt forhold til Riksrevisjonen, internbudsjett, rekneskapskontroll, godkjenning av utbetalingar og regelverk for offentlege kjøp.

Seksjon for budsjett og styring har åtte medarbeidarar. Seksjonen er ein av fire seksjonar/einingar i Avdeling for styring, administrasjon og samfunnstryggleik. Avdelingsdirektøren vil inngå i leiargruppa i avdelinga.

Avdelingsdirektøren skal leie seksjonen sitt arbeid, og får ansvar for å koordinere, kvalitetssikre og følge opp departementet sitt arbeid med statsbudsjettet. Ein viktig del av samferdselsbudsjettet er oppfølging av dei økonomiske rammene og prioriteringane i Nasjonal transportplan. Seksjonen har óg ansvar for å utvikle og profesjonalisere etatsstyringa i departementet. Som avdelingsdirektør vil du samarbeide med alle avdelingar i departementet og vere ein aktiv rådgjevar for avdelingane i saker med økonomiske og administrative konsekvensar. 

Aktuelle kandidatar har relevant erfaring frå statleg budsjettarbeid, statsrekneskap og statleg økonomiforvaltning. Du må ha relevant utdanning, fortrinnsvis på masternivå, og helst med økonomi i fagkretsen. Vi ser etter ein trygg og tydeleg leiar med god gjennomføringsevne og gode samarbeids- og kommunikasjonsevner. Stillinga krev god rolleforståing og interesse for samferdselspolitikken og rammeføresetnader som vil styre utviklinga i sektoren framover. Ny avdelingsdirektør må kunne handtere eit bredt spekter av oppgåver, der evne til heilskapleg og analytisk tenking er viktig. God skriftleg og munnleg framstillingsevne er ein føresetnad.

Stillinga krev tryggleiksklarering.

Vi kan tilby:

  • Arbeid med dagsaktuelle saker
  • Utfordrande og interessante oppgåver
  • Hyggeleg arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
  • Moglegheit for trening i arbeidstida
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse

Stillinga blir lønna som avdelingsdirektør i lønnsspennet frå kr. 900.000 til 1.100.000.

Ta gjerne konfidensiell og uforpliktande kontakt med rådgjevarane våre i BackerSkeie, Ann-Kristin Nyrønning, tlf. 920 85 397/Ingunn Lian, tlf. 992 52 475 eller Samferdselsdepartementet v/ekspedisjonssjef Tove Flølo, tel. 995 79 150. Søknad med CV registrerast via "Karriere" på www.backerskeie.no innan 4. september 2022. 

 

Samferdselsdepartementet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ynskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livsrøynsle og perspektiv, og oppmodar alle kandidatar med nødvendige kvalifikasjonar til å søkje. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det.

Vi oppmodar søkjarar til å krysse av om dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

I samsvar med offentleglova §25 kan det gjerast unntak for opplysningar om søkjar frå offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om det. Den som ønskjer å reservere seg mot å stå på offentleg søkjarliste, må grunngje dette. Ved eventuelt avslag, vil søkjer bli kontakta før offentleggjering og få tilbod om å trekkje søknaden.