Ekspedisjonssjef finansavdelinga

Sted
Oslo
Publisert
9. september 2022
Søknadsfrist
29. september 2022
Kontakt
Liv S. Bøe 91108263, Hans Henrik Scheel 22244108
Posisjon
Leder
Arbeidstid
Fulltid
Jobbtype
Fast
Sektor
Offentlig

Om stillinga

Vi søkjer ein høgt kvalifisert og strategisk orientert person til å leie finansavdelinga.

Finansavdelinga har ansvar for Finansdepartementet sitt arbeid med budsjettspørsmål og strukturpolitikk og for koordinering og samordning av statsbudsjettarbeidet. Avdelinga har ansvar for utgreiing, utvikling og innføring av regelverk for statleg økonomi- og resultatstyring og for ordninga for ekstern kvalitetssikring av store statlege investeringar. Ekspedisjonssjefen er ein av dei nærmaste faglege rådgivarane til finansministeren og avdelinga har ei svært sentral rolle mot Statsministerkontoret og andre departement.

Som ekspedisjonssjef i finansavdelinga vil du leie ei avdeling med høgt kompetente medarbeidarar og stort arbeidspress. Avdelinga handterer mange løpande arbeidsprosessar, og ekspedisjonssjefen må ha god evne til å leie, inspirere og delegere. Det blir òg stilt krav til at ekspedisjonssjefen vidareutviklar avdelinga fagleg og organisatorisk.

Ved val av ny ekspedisjonssjef vil vi leggje vekt på

  • utdanning minimum på masternivå, fortrinnsvis innan samfunnsøkonomi
  • solid erfaring med statlege budsjettprosessar, stor fagleg tyngd og økonomisk innsikt, også utover ansvarsområdet til avdelinga
  • god rolleforståing, brei samfunnsinnsikt og kunnskap om politiske avgjerdsprosessar
  • evne til å handtere høgt arbeidspress, mange samtidige saker og korte fristar
  • evne til å utfordre og samtidig finne gode, konstruktive løysingar, både i eiga avdeling, i resten av departementet og i departementsfellesskapet
  • relevant leiarerfaring og evne til å motivere og utvikle sine medarbeidarar
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk, under dette evne til å kommunisere vanskelege problemstillingar presist og forståeleg

Annan informasjon

Du må vere norsk statsborgar og kunne sikkerheitsklarerast. Løn etter avtale.

Ta gjerne fortruleg kontakt med Liv S. Bøe i DSS, tlf. 91 10 82 63, liv-sissel.boe@dss.dep.no eller finansråd Hans Henrik Scheel, 22 24 41 08.

Etter at søknadsfristen har gått ut, blir det utarbeidd søkjarlister. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om dei har bede om å ikkje bli førte opp på den offentlege søkjarlista. Blir det aktuelt, tek vi kontakt før offentleggjering.

Finansdepartementet ønskjer at arbeidsstyrken speglar mangfaldet i samfunnet. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn, hol i CV-en eller funksjonsevne.

Om Finansdepartementet

Finansdepartementet har ansvaret for å planleggje og setje i verk den økonomiske politikken, budsjettpolitikken, skatte- og avgiftspolitikken, finansiell stabilitet og forvaltninga av Statens pensjonsfond.

Finansdepartementet har om lag 290 tilsette fordelte på sju avdelingar og ei kommunikasjonseining. 

Meir informasjon om departementet finst på www.regjeringen.no/FIN

--------------------------------------------------------
Vennligst referer til DN.no i din søknad.