Tolldirektør
- Arbeidsgiver
- Finansdepartementet
- Sted
- Oslo
- Søknadsfrist
- 7. oktober 2022
Vis mer
- Bransjer
- Offentlige tjenester / Forvaltning
- Arbeidstid
- Fulltid
- Jobbtype
- Engasjement
- Sektor
- Offentlig
Stillingsopplysninger
Om stillinga
Tolldirektøren har det faglege og administrative ansvaret for Tolletaten og skal leie etaten innanfor dei rammene som blir sette av Finansdepartementet.
Tolletaten har breitt nasjonalt nærvær og grenseflater mot ei rekkje nasjonale og internasjonale aktørar. Etaten har over dei siste åra gjennomført omfattande organisasjonsendringar og IKT-moderniseringar som tolldirektøren skal følgje opp vidare og hente ut gevinstar av. Etaten må vere i kontinuerleg utvikling for å tilpasse seg samfunnsutviklinga med m.a. endringar i reise- og handelsmønster, endringar i risikobiletet ved ulovleg import og eksport, teknologiutvikling og endringar i regelverk og arbeidsprosessar.
Vi søkjer ein strategisk og samlande direktør med brei leiarerfaring på høgt nivå. Tolldirektøren skal sikre prioriteringar, kompetanse og kapasitet for å vareta samfunnsoppdraget til etaten.
Vi vektlegg vidare
- solid samfunns- og rolleforståing, under dette innsikt i statsforvaltninga og sentrale avgjerdsprosessar
- utviklingskraft og gjennomføringsevne
- trygg og tydeleg leiing
- gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- god evne til å oppnå tillit både internt i organisasjonen og eksternt
- evne til å handtere krevjande situasjonar, under dette kriser og beredskapssituasjonar
- relevant utdanning på masternivå
Annan informasjon
Stillinga er eit åremål for seks år med moglegheit for fornying éin gong. Stillinga krev tryggleiksklarering. Løn etter avtale.
Før søknadsfristen kan interesserte ta fortruleg kontakt med Liv S. Bøe i DSS på tlf. 91 10 82 63, liv-sissel.boe@dss.dep.no eller ekspedisjonssjef Øystein Schønberg-Grevbo i Finansdepartementet, 99 62 16 46.
Etter at søknadsfristen har gått ut, blir det utarbeidd søkjarlister. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjarar har bede om å ikkje bli førte opp på den offentlege søkjarlista. Blir det aktuelt, tek vi kontakt før offentleggjering.
Om Tolletaten
Samfunnsoppdraget til tolletaten er å sikre at lover og reglar for grensekryssande vareførsel blir etterlevde. Tolletaten skal støtte samarbeidande styresmakter, som representant for heile staten der varer kryssar grensa
Tolletaten har over 1500 tilsette og er lokalisert på 34 kontorstader.
--------------------------------------------------------
Vennligst referer til DN.no i din søknad.
Firma
Norges Bank er landets sentralbank. Den har som mål å fremme økonomisk stabilitet i Norge og forvalter store verdier på vegne av fellesskapet. Banken har utøvende og rådgivende oppgaver i pengepolitikken, og skal bidra til sikre og effektive betalingssystemer og finansmarkeder. Norges Bank forvalter Statens pensjonsfond utland (SPU), etter et mandat fastsatt av Finansdepartementet.
Få jobbvarsler
Opprett et jobbvarsel og få tilpassede jobbanbefalinger rett i innboksen din.
Opprett varsel