Gå til hovedinnhold

Denne stillingen har utløpt

Administrerande direktør

Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Sted
Haugesund
Søknadsfrist
23. oktober 2022

Vis mer

Bransjer
Helse / Sosial
Arbeidstid
Fulltid
Jobbtype
Fast
Sektor
Offentlig

Stillingsopplysninger

Ein av dei mest spennande og utfordrande leiarjobbane på Vestlandet

Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.


Administrerande direktør

Helse Fonna søkjer ein strategisk, motiverande og engasjert administrerande direktør som skal vidareutvikle spesialisthelsetenesta i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Spesialisthelsetenesta står overfor fleire store utfordringar dei neste åra.  Oppgåvene er krevjande, spennande og motiverande for den rette leiaren. Kvalitet og pasienttryggleik står fremst, i tillegg til å balansere økonomi, fag og prioritering innanfor dei rammene som ligg til føretaket.  Helse Fonna vil, som dei andre helseføretaka i regionen, vere avhengig av å tak i bruk nye IKT løysingar, bidra til høg grad av digitalisering og å nytte teknologi rett for å møte behova i framtida.

For å få til dette til søkjer vi ein toppleiar som vil utvikle tenesta, saman med leiarar og medarbeidarar i heile helseføretaket, for å sikre ei framtidsretta spesialisthelseteneste for befolkninga.

Kven ser vi etter?
For å lykkast må du ha relevant høgare utdanning. Du må i tillegg ha relevant leiarerfaring frå spesialisthelsetenesta og ha leiarerfaring på høgare nivå . God kunnskap om føretaksmodellen og verksemdforståing er ein fordel. Du har god forståing samfunnsoppdraget eit helseføretak har og kva som ligg til oppgåva som ein samlande og tydeleg administrerande direktør for Helse Fonna. Du er strategisk og har gjennomføringsevne,  og kan skape tillit internt og i samarbeidet med eksterne aktørar. Som leiar motiverer og inspirerer du heile verksemda til å skape eit godt arbeidsmiljø og gode tenester for pasientane.

Vi tilbyr
Vi tilbyr spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit helseføretak med dyktige leiarar og medarbeidarar. Du får gode moglegheiter til å påverke og utvikle føretaket vidare, saman med styret, leiarar og medarbeidarar. Du vil vere ein viktig bidragsytar i arbeidet med å utvikle teneste på heile Vestlandet, i tett dialog med dei andre helseføretaka – og det regionale helseføretaket.

Ta gjerne uforpliktande og fortrolig kontakt med vår rådgjevar i Habberstad, Hans Petter Karlsen , mobil 934 25 743 eller styrets leiar Petter Steen jr., mobil 900 19 539
 

--------------------------------------------------------
Vennligst referer til DN.no i din søknad.

Firma

Helse Fonna HF har ansvaret for spesialisthelsetenestene for 180.000 innbyggarar på Haugalandet, i Sunnhordland og i Hardanger. Føretaket har ca 4000 tilsette og eit driftsbudsjett på kr 3.5 mrd. Økonomiområdet er organisert som eige område med over 30 tilsette. Helse Fonna sitt administrative hovudsete ligg i Haugesund. Meir om oss på www.helse-fonna.no

Få jobbvarsler

Opprett et jobbvarsel og få tilpassede jobbanbefalinger rett i innboksen din.

Opprett varsel