Økonomisjef - Time kommune - Bryne

Rekrutterer
Sted
Bryne, Time
Publisert
11. november 2022
Søknadsfrist
30. november 2022
Kontakt
Silje Bolset 97559049, Trygve Apeland 90870079
Posisjon
Leder
Arbeidstid
Fulltid
Jobbtype
Fast
Sektor
Offentlig

Time kommune logo

Me søker ein strategisk og samlande leiar som vil vere sentral i den vidare utviklinga i Time kommune

Me søker ein strategisk og samlande leiar som vil vere sentral i den vidare utviklinga av både stabsområdet økonomi og Time kommune som heilskap. Økonomisjefen vil få spanande utfordringar i ein veldriven kommune,  med positive og dyktige medarbeidarar.

Som økonomisjef vil du sitte i kommunedirektørens leiargruppe og ha ansvar for økonomiplan- og budsjettarbeid, finans- og gjeldsforvaltning , økonomistyring og rapportering til administrativ og politisk leiing. Kommunen er organisert i tre tenesteområde og fire stabsområde. Økonomisjefen samarbeider tett med tenesteområda  som økonomisk rådgjevar og ressurs, og er leiar for stabsområdet økonomi som består av 11 årsverk. Du vil få ansvaret med å vidareutvikle stabsområdet, økonomiprosessar og -system i samarbeid med rekneskapssjefen. Stillinga omfattar fag- og personalansvar.

Vår økonomisjef må vera opptatt av utvikling og vera ein god lagbyggar. 
Me søker ein fagleg sterk økonomisjef, med gode analytiske evner og som har stor samfunnsøkonomisk forståing. Du har gode kommunikasjonsevner, god framstillingsevne og legg vekt på god dialog med politikarar, administrasjon og samarbeidspartnarar. Du har høg fagleg integritet og er systematisk og strukturert i din arbeidsstil. Du har interesse for digitalisering innan fagfeltet og kan bidra til forenkling og forbetring av kommunen gjennom å ta i bruk nye digitale verktøy. Du har økonomisk høgare utdanning frå universitet eller høgskule, og kan vise til brei erfaring med budsjett, rekneskap og økonomistyring frå kommunal sektor. Du har relevant leiarerfaring med dokumenterbare resultat. Du har god kjennskap til offentleg forvaltning og relevant lovverk. God forståing for samspelet mellom politikk og administrasjon er ein føresetnad. 

Me tilbyr:

  • Ei spanande leiarstilling med utfordrande, varierte og utviklande leiaroppgåver i ein organisasjon med engasjerte medarbeidarar 
  • Godt tverrfagleg arbeidsmiljø og deltaking i ei leiargruppa som har fokus på kollegarettleiing samarbeid og utvikling.
  • Lønn etter avtale samt gode forsikrings- og pensjonsordningar 

Spørsmål om stillinga kan rettast til MU v/Silje Bolset tlf. 975 59 049. Du kan og kontakte kommunedirektør Trygve Apeland tlf. 908 70 079.

Søk på stillinga HER snarast, og seinast innan 30.11.2022. All uformell kontakt med Mercuri Urval vert handsama konfidensielt, om ynskjeleg også overfor oppdragsgivar.

Det vil bli utarbeida offentleg søkarliste. Det vert vist til offentleglova§ 25, andre ledd med omsyn til å bli unnateke off.søkjarliste. 

 

Om selskapet

"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. 
Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 19 500 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. 

Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er rundt 1 500 personar som har Time kommune som sin arbeidsgjevar.

--------------------------------------------------------
Vennligst referer til DN.no i din søknad.