Prosjektøkonom

Sted
Oslo
Publisert
17. januar 2023
Søknadsfrist
30. januar 2023
Posisjon
Spesialist
Arbeidstid
Fulltid
Jobbtype
Fast
Sektor
Offentlig

Er du vår nye prosjektøkonom ved Noregs beste samfunnsvitskaplege fakultet?

Om stillinga

Det samfunnsvitskaplege fakultet har for tida ledig ei fast stilling som prosjektøkonom/rådgjevar ved fakultetsadministrasjonen.

Det samfunnsvitskaplege fakultetet består av 5 institutt og 2 sentra, samt fakultetsadministrasjonen. Som prosjektøkonom vil du få særskilt ansvar for prosjektportefølja for eit institutt eller senter. Du vil vere den sentrale fagpersonen på økonomisk styring og budsjettering for instituttet og deira tilsette, samtidig som du er del av et større økonomimiljø i fakultetsadministrasjonen. 

Stillinga inngår i økonomiseksjonen og yter tenester til fakultetsadministrasjonen og institutta ved fakultetet. Prosjektøkonomen forventast å gje råd og rettleiing innan bidrags- og oppdragsfinansierte aktivitetar (BOA). Stillinga er underlagt leiar av økonomiseksjonen og består av 15 årsverk.

Arbeidsoppgåver

  • Støtte til grunneiningane innan prosjektprosessen med oppgåver primært innan rekneskap og budsjett 
  • Økonomisk og administrativ oppfølging av eksternt finansierte prosjekt
  • Være ressursperson overfor institutta og prosjektleiarane og sikre god dialog med, og oppfølging av, fakultetet sine einingar på prosjektområdet
  • Være institutta sin prosjektcontroller gjennom å assistere prosjektleiar, forskingsrådgjevar og prosjekteigar med ulike administrative oppgåver knytt til søknader, drift og rapportering av prosjekt.
  • Samarbeide tett med forskingsrådgjevar i alle fasar av prosjektet 
  • Oppdatere prognose og utføre analyse av prosjektportefølja 
  • Bidra til utarbeiding av rapportar til leiinga
  • Bidra til nytenking og vidareutvikling i organisasjonen innan forvaltning av ekstern finansiering

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning innan økonomi eller samfunnsfag frå universitet eller høgskule minimum på Bachelornivå. Dokumentert realkompetanse med relevans for dei aktuelle oppgåvene kan kompensere for utdanningskravet.
  • Særs god talforståing
  • Skjøne seg godt på prosjekt- og økonomi
  • God evne til å framstille seg skriftleg og munnleg på norsk og engelsk er ein føresetnad.
  • Generelt god IT-ferdigheit med spesiell vekt på Excel

Ønska kompetanse/erfaring
•    Erfaring med prosjekt finansiert av EUs rammeprogram for forsking (H2020) og prosjekt frå Forskingsrådet (NFR)
•    Erfaring frå arbeid innan universitets-/høgskulesektoren
•    Utdanning på masternivå kan være ei føremon

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons-, samarbeids- og koordineringseigenskapar
  • Evne til å være løysingsorientert innan ramma av gjeldande lover og reglar
  • God evne til å jobbe sjølvstendig, systematisk, strukturert, heilskapleg innan fastsette tidsfristar 
  • Resultat- og utviklingsorientert, med god gjennomføringsevne
  • Evne til å presentere økonomi for ikkje-økonomar

Vi tilbyr

  • løn som rådgjevar SKO 1434 fastsetjast etter individuell vurdering innanfor eit spenn mellom kr 553.500-677.00 (lønnstrinn 60-71)  avhengig av kompetanse og ansiennitet. 
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • trening i arbeidstida
  • god pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse
  • eit aktivt og hyggeleg arbeidsmiljø

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV
  • Evt. vitnemål, attestar, liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad (evt. med vedlegg) må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Eventuelt ved leiarstilling med mindre enn 40 % kvinnedel oppmodast kvinner særskild til å søkje.

Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing. Vidare ønskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. 

Om det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kontaktinformasjon

Seksjonssjef Geir Sigvat Toft, tlf: 934 11 110, e-post: g.s.toft@sv.uio.no

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Universitetet i Oslo er det største samfunnsvitskaplege fagmiljø i Noreg og rangert som nummer to i Norden. Fakultetet har ei rekkje forskingsmiljø som er leiande internasjonalt, og har hatt to Nobelprisvinnarar. Vi har 460 tilsette og 5300 studentar. Fakultetet tilbyr 22 studieprogram på bachelor- og masternivå, 2 profesjonsutdanningar og ph.d.-program innan 7 studieretningar.

--------------------------------------------------------
Vennligst referer til DN.no i din søknad.