Denne stillingen har utløpt

Økonomidirektør

Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund
Referanse
8. november 2023

Vis mer

Bransjer
Helse / Sosial
Stillinger
Økonomi / Finans / Regnskap, Leder
Arbeidstid
Fulltid
Jobbtype
Fast
Sektor
Offentlig

Stillingsopplysninger

alle vi

Er du ein engasjert økonom som ønsker å spele ei nøkkelrolle i spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal?  Vi søker økonomidirektør som vil ha det overordna ansvaret for utvikling av økonomifunksjonen og økonomistyringa til helseføretaket. I 2024 vil føretaket sitt driftsbudsjett være i overkant av 8 milliard kroner. 

Vi ser etter ein fagleg sterk og erfaren økonom, som vil få ansvar for eit av fylkets største økonomi-, logistikk og analysemiljø. Du blir leiar for ei avdeling med dedikerte medarbeidarar som har høg kompetanse innanfor sine fagfelt. Økonomiavdelinga har i dag ansvar for lønn og rekneskap, innkjøp og logistikk, analyse og økonomistyring. Det er omlag 50 tilsette i avdelinga, hovudsakeleg lokalisert i Ålesund og Molde. 

Økonomidirektør utgjer saman med administrerande direktør, klinikksjefane og stabsdirektørane leiargruppa i Helse Møre og Romsdal HF. Leiargruppa har eit heilskapleg ansvar for helseføretaket sine mål, rammer og verdigrunnlag.

Spesialisthelsetenesta er ein kompleks kunnskapsorganisasjon. Kjerneverdiane til helseføretaket er tryggleik, kvalitet og respekt. Gode samarbeidsevne, din ekspertise og tilnærming til utfordringsbildet vil vere sentral for at helseføretaket oppnår dei økonomiske måla. Du er dyktig i analyse og utarbeider gode beslutningsgrunnlag til leiarane og styret i føretaket. Du er løysingsorientert, strategisk og evnar å ta vanskelege avgjerder i samansette problemstillingar - og stå i desse. Samtidig er du samfunnsengasjert og ser stor verdi i tverrfagleg samarbeid. 

Stillinga er ledig frå 1.1.2024, men startdato kan avtalast.

Arbeidsoppgåver

  • Levering av gode styringsdata 
  • Utvikling av gode styringsverktøy 
  • Rapportering til styret 
  • Delta i regionale nettverk innan, økonomi, innkjøp/logistikk 
  • Ansvarleg for foretaket sin økonomiske rapportering, prognosesetting og budsjettering 
  • Likviditetsstyring 
  • Arbeid med langtidsbudsjett og økonomiske konsekvensar av langtidsplanar 
  • Bærekraftsanalyser 
  • Overordna ansvar for rapportering av kostnadsdata til Helsedirektoratet 

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning, mastergrad/siviløkonom 
  • Leiarerfaring, gjerne frå større organisasjonar 
  • Strategisk og operativ erfaring frå økonomifunksjon 
  • Dyktig språkleg, både munnleg og skriftleg 
  • Tilfredsstillande vandel 
  • Ryddig personleg økonomi 

Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar vil bli tillagt vesentleg betyding 

  • Du har evne og vilje til å engasjere deg i helseføretaket, og ønskjer å vere ein pådrivar i kontinuerleg utviklings- og omstillingsarbeid 
  • Du har solid analytisk kompetanse, struktur, initiativ og har god gjennomføringsevne 
  • Du er ansvarleg og heilheitstenkande, og er van med samansette problemstillingar
  • Du vil ha jamlege framføringar i leiargruppa, styret og forsamlinger, og må såleis vere ein god formidlar av kompliserte problemstillingar 
  • Svært dyktig til å spele andre gode gjennom samhandling 
  • Tillitsskapande og ansvarsfull
  • Innovativ, både med tanke på organisasjonen og arbeidsprosessar  

Vi tilbyr

  • Du vil få ei sentral og spanande rolle i utviklinga av spesialisthelsetenesta til beste for innbyggjarane i Møre og Romsdal
  • Eit stimulerande arbeidsmiljø, med gode høve for fagutvikling
  • Konkurransedyktige løns- og personalvilkår etter avtale 
  • Medlemskap i pensjonsordning, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.  
  • Vi bur i ein vakker del av Noreg. Vil du lese meir om regionen vår, sjå Visit Sunnmøre og Visit Møre og Romsdal

Andre opplysningar: 

  • Hovedarbeidsstaden er i utgangspunkt Ålesund sjukehus, men det er ynskjeleg med kontordagar i Molde. Du må pårekna noko reising, for eksempel mellom sjukehusa i foretaket. 
  • Stillinga er ei leiande og særleg uavhengig stilling som fordrar stor grad av fleksibilitet og sjølvstende
  • Helse Møre og Romsdal HF er ei inkluderande verksemd. Vi ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og kulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.  
  • Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. 

Kontaktinformasjon

Heidi Anita Nilsen
Konst. adm direktør
Tlf: +47 93 03 93 89
E-post: Heidi.Nilsen@helse-mr.no

Kjetil Lundberg
HR-direktør
Tlf: +47 90 01 81 20
 E-post: kjetil.lundberg@helse-mr.no

 

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på laget!

Vi ønsker leiarar som er synlege, ansvarlege og som forstår at teamarbeid er avgjerande for å lykkast med samfunnsoppdraget. Som leiar må du engasjere og lede ann i utviklinga av kultur og identitet i helseføretaket. Vi treng deg som kommuniserer godt, tar ansvar og beslutningar, og som har handlekraft til å drive fram konkrete forbetringar saman med teamet ditt. Vi gir deg opplæring på veien, tilgang på styringsinformasjon og tilbod om utvikling gjennom leiargruppa di - slik at du får utvikle deg som leiar i samsvar med dine eigne og helseføretaket sine forventingar. Tek du utfordringa?
Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje

For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

AL 400 300

 

--------------------------------------------------------
Vennligst referer til DN.no i din søknad.

Firma

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på laget!

 

Vi ønsker leiarar som er synlege, ansvarlege og som forstår at teamarbeid er avgjerande for å lykkast med samfunnsoppdraget. Som leiar må du engasjere og lede ann i utviklinga av kultur og identitet i helseføretaket. Vi treng deg som kommuniserer godt, tar ansvar og beslutningar, og som har handlekraft til å drive fram konkrete forbetringar saman med teamet ditt. Vi gir deg opplæring på veien, tilgang på styringsinformasjon og tilbod om utvikling gjennom leiargruppa di - slik at du får utvikle deg som leiar i samsvar med dine eigne og helseføretaket sine forventingar. Tek du utfordringa? Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje

 

  For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

 

 

Finn oss
Website

Få jobbvarsler

Opprett et jobbvarsel og få tilpassede jobbanbefalinger rett i innboksen din.

Opprett varsel