Avdelingsdirektør

Arbeidsgiver
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
Sted
Oslo
Referanse
27. februar 2024

Vis mer

Bransjer
Offentlige tjenester / Forvaltning
Stillinger
Leder
Arbeidstid
Fulltid
Jobbtype
Fast
Sektor
Offentlig

Stillingsopplysninger

Spennande leiarstilling i eit nyetablert departement!

Avdelingsdirektør med ansvar for statsbudsjettarbeidet i DFD

Om stillinga

Som avdelingsdirektør for seksjon for økonomi og styring vil du leia arbeidet i seksjonen. Du vil mellom anna ha ansvaret for at prosessane knytte til statsbudsjettet er gode og effektive, at seksjonen leverer gode analyser og grunnlag for avgjerd til politisk leiing, utvikling av styringa av dei underliggande etatane til departementet, og du vil delta i eit budsjettleiarnettverk i departementa. Du vil ha personalansvar for dei tilsette i seksjonen, og få vera med på å utvikle medarbeidarane og seksjonen samla sett.

Stillinga inngår i leiargruppa i avdeling for styring og organisasjon, og rapporterer til ekspedisjonssjefen. Du vil jobbe sentralt i avdelinga og departementet, og bidra aktivt til vidareutvikling av avdelinga og arbeidsprosessar knytte til seksjonen sine oppgåver i departementet. Arbeidet gir stor kontaktflate i departementet og mot Finansdepartementet, og nærleik til politiske avgjerder. Det er avgjerande at du har svært gode evner til samarbeid, og at du ønskjer å bidra til eit godt klima i arbeidet opp mot dei andre seksjonane, avdelingane og Finansdepartementet.

I stillinga vil du jobbe med eit bredt spekter av oppgåver og gjere krevjande avvegingar. Arbeidet har ofte korte tidsfristar, samstundes som langsiktig utviklingsarbeid skal prioriterast. Det er derfor viktig at du er komfortabel med å arbeide i eit høgt tempo, og med fleire parallelle prosessar.
 

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

Du må ha

  • relevant utdanning på masternivå (fortrinnsvis innan økonomi eller samfunnsvitskap). Særleg relevant erfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet
  • relevant leiarerfaring 
  • erfaring frå statleg budsjettarbeid og styringsprosessar
  • god formidlingsevne, både skriftleg og munnleg på norsk
  • gode digitale ferdigheiter

Stillinga er eit embete, det føreset at du er norsk statsborgar.

Skal du lykkast i stillinga, må du 

  • vere ein tydeleg og trygg leiar med god gjennomføringsevne som skaper resultat av høg kvalitet
  • ha god rolleforståing og forståing for politiske prosessar, og samspelet mellom politisk leiing og embetsverket
  • kunne leie og koordinere fleire parallelle oppgåver med korte tidsfristar
  • vere strategisk, analytisk og løysingsorientert
  • ha gode samarbeidsevner, gi tillit og ønske å utvikle medarbeidarane dine
  • vere ein raus og omgjengeleg person
  • vere utviklingsorientert og oppteken av å finne betringar i eksisterande system, slik at ein utnyttar ressursane effektivt

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar som gjer nettopp deg skikka til stillinga.
Utdannelse og erfaring må dokumenterast med CV, vitnemål og attestar.
 

Vi tilbyr 

  • eit arbeidsfellesskap med dyktige kollegaer som er stolte av jobben sin
  • ein utfordrande og givande jobb, der du får vere vera med å utvikle prosessar frå start, i eit nytt departement
  • gode utviklingsmoglegheiter
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar, med automatisk medlemskap i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstid
  • mogelegheit for trening i arbeidstid
  • sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar

Lokala våre ligg sentralt i Oslo med kort veg til offentleg transport.

Løn: Stilling blir lønt som avdelingsdirektør frå kr 1 000 000 - 1 200 000. Lønnsplassering avheng av erfaring og kvalifikasjonar. Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Autorisasjon: Tilsette i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet må kunna autoriserast for tilgang til informasjon «HEMMELEG» etter tryggingslova. Les meir om autorisasjon her.

Tryggingsklarering: Tilsetjing skjer under føresetnad at søkjar blir tryggleiksklarert på nivå «HEMMELEG». Les meir om tryggingsklarering på nettsidene til Nasjonalt tryggingsorgan.
 

Vi er opptekne av

Mangfold er ein styrke og gjer at vi kan løysa oppgåvene våre endå betre. Derfor ønskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjar til å kryssa av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen blir ikkje brukt til noko anna enn anonymisert statistikk som statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
 

Informasjon til deg som søkjer 

Søknad med CV blir send elektronisk via link på denne sida.

DFD samarbeider med Meditor for bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. Bakgrunnssjekken blir utført etter samtykke frå deg som søkjar, og innebærerat me verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga.

Vi gjer merksam på at opplysninga om at du er søkjar kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. offentleglova § 25. Du vil bli informert før offentleggjeringa og få moglegheit til å trekkja søknaden.
 

Om oss 

Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har om lag 170 tilsette og er sekretariat for digitaliserings- og forvaltningsministeren. Departementet har ansvar for IT- og forvaltningspolitikk, elektronisk kommunikasjon, arbeid med FNs berekraftsmål, det administrative ansvaret for statsforvaltarane, statleg arbeidsgivarpolitikk og statleg bygg- og eigedomsforvaltning.

Dei underliggjande etatane og verksemdene til departementet er Digitaliseringsdirektoratet, Datatilsynet, Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom), Statsbygg, Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og statsforvaltarane.

Avdeling for styring og organisasjon består av seksjon for økonomi og styring, seksjon for organisasjon og sikkerheit, dokumentasjonsseksjonen og eining for statsråden sitt kontor og kontorstøtte. Avdelinga har ansvaret for å ivareta stabsfunksjonar for politisk leiing og departementsråd. Avdelinga utviklar òg styringssystem og overordna retningslinjer for ei effektiv og samordna leiing av departementet. 

Seksjon for økonomi og styring har ansvar for samordning av arbeidet til departementet med statsbudsjett og statsrekneskap, oppfølging av reglement for økonomistyring i staten, koordinering og oppfølging etatsstyring i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet og riksrevisjonssaker, internkontroll og internstyring, rekneskap, internbudsjett, tilskot og innkjøp.
 

Spørsmål om stillinga

Christoffer Sandvik Engelsøy
Ekspedisjonssjef
40059966
Christoffer-Sandvik.Engelsoy@dfd.dep.no

Fem personer i møte

--------------------------------------------------------
Vennligst referer til DN.no i din søknad.

Firma

Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har om lag 170 tilsette og er sekretariat for digitaliserings- og forvaltningsministeren. Departementet har ansvar for IT- og forvaltningspolitikk, elektronisk kommunikasjon, arbeid med FNs berekraftsmål, det administrative ansvaret for statsforvaltarane, statleg arbeidsgivarpolitikk og statleg bygg- og eigedomsforvaltning.

Dei underliggjande etatane og verksemdene til departementet er Digitaliseringsdirektoratet, Datatilsynet, Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom), Statsbygg, Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og statsforvaltarane.

Avdeling for styring og organisasjon består av seksjon for økonomi og styring, seksjon for organisasjon og sikkerheit, dokumentasjonsseksjonen og eining for statsråden sitt kontor og kontorstøtte. Avdelinga har ansvaret for å ivareta stabsfunksjonar for politisk leiing og departementsråd. Avdelinga utviklar òg styringssystem og overordna retningslinjer for ei effektiv og samordna leiing av departementet. 

Seksjon for økonomi og styring har ansvar for samordning av arbeidet til departementet med statsbudsjett og statsrekneskap, oppfølging av reglement for økonomistyring i staten, koordinering og oppfølging etatsstyring i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet og riksrevisjonssaker, internkontroll og internstyring, rekneskap, internbudsjett, tilskot og innkjøp.

Få jobbvarsler

Opprett et jobbvarsel og få tilpassede jobbanbefalinger rett i innboksen din.

Opprett varsel