Gå til hovedinnhold

Denne stillingen har utløpt

Administrerande direktør - Statistisk sentralbyrå

Arbeidsgiver
Finansdepartementet
Sted
Oslo
Søknadsfrist
11. mars 2024

Vis mer

Bransjer
Offentlige tjenester / Forvaltning
Stillinger
Toppleder
Arbeidstid
Fulltid
Jobbtype
Engasjement
Sektor
Offentlig

Stillingsopplysninger

Statistisk sentralbyrå (SSB) er ansvarleg for å samle inn, produsere og publisere offisiell statistikk om mellom anna økonomi, befolkning og samfunn. Offisiell statistikk er nasjonen sitt felles faktagrunnlag og viktig for eit levande demokrati og styring av samfunnet. SSB har i tillegg ein omfattande forskings- og analyseverksemd. SSB er ein fagleg uavhengig institusjon administrativt underlagt Finansdepartementet. SSB har omlag 840 tilsette og kontor i Oslo og Kongsvinger.

Administrerande direktør for Statistisk sentralbyrå (SSB) har det faglege og administrative ansvaret for verksemda. SSB si samfunnsoppgåve og oppgåver følgjer mellom anna av statistikklova og tildelingsbrevet frå Finansdepartementet.
SSB har ein sterk posisjon i det norske samfunnet. Samstundes vil utviklinga i åra framover krevje stor innsats for å oppretthalde og forbetre denne posisjonen. Mellom anna skal SSB legge om statistikkproduksjonen til ein ny IKT-plattform, ta i bruk nye datakjelder for å produsere statistikk raskare og betre, og finne nye måtar å formidle på som gjer at samfunnsnytta blir høgast mogleg. Samstundes må informasjonssikkerheit og personvern sikrast.

Aktuelle kandidatar har relevant høgare utdanning på minimum masternivå og solid leiarerfaring frå offentleg eller privat verksemd. Vi ser etter ein leiar med fagleg tyngde, brei innsikt i samfunnsøkonomiske spørsmål og sterke strategiske og analytiske evner. Administrerande direktør må ha evne og vilje til å leie og utvikle organisasjonen for å ivareta SSB si samfunnsoppgåve i ein situasjon med raske endringar. Vi ser etter ein trygg og tydeleg leiar som er god til å samarbeide.
Tillit til statistikken og til institusjonen er ein føresetnad for at SSB skal kunne ivareta si viktige rolle som leverandør av statistikk og analysar av det norske samfunnet. Direktøren må ha god forståing for denne rolla både i den interne styringa og i ekstern kommunikasjon nasjonalt og internasjonalt.

Stillinga er eit åremål for ein periode på seks år, med moglegheit for ny utnemning for ein ekstra periode. Lønn etter avtale innanfor statens leiarlønssystem.

Interesserte  kan ta konfidensiell og uforpliktande kontakt med vår rådgivar i Amrop, Randi Flugstad, tlf. 90 58 41 38, eller ekspedisjonssjef Tina Engelsrud i Finansdepartementet, tlf. 93 02 80 74. Søknad med CV registrerast innan 11. mars 2024 via webcruiter.
Etter søknadsfristen vil det bli utarbeidd offentleg søkjarliste. Søkjarar kan bli oppførte på offentleg søkjarliste sjølv om vedkomande har oppmoda om konfidensiell behandling. Søkjarane vil i så fall bli varsla i forkant om offentleggjering.
Den som blir tilsett vil bli bakgrunnssjekka og må kunne tryggleiksklarerast. For meir informasjon om autorisasjon, les her.

Finansdepartementet er opptatt av mangfald og ønskjer å være ein arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, hull i CV, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Alle kvalifiserte søkjarar vil bli vurderte. Vi er ein IA-bedrift, og i dette ligg det mellom anna at vi vil sørge for tilrettelegging på arbeidsplassen dersom det er behov for det.

--------------------------------------------------------
Please refer to DN.no in your application.

 

Firma

Finansdepartementet planlegger og iverksetter den økonomiske politikken i Norge. Departementet har blant annet ansvar for budsjettpolitikken, skatte- og avgiftspolitikken, regulering av finansmarkedene og Statens pensjonsfond.

Finn oss
Website

Få jobbvarsler

Opprett et jobbvarsel og få tilpassede jobbanbefalinger rett i innboksen din.

Opprett varsel