Ekspedisjonssjef avdeling for likestilling, diskriminering og internasjonale saker
- Arbeidsgiver
- Kultur- og likestillingsdepartementet
- Sted
- Oslo
- Søknadsfrist
- 3. oktober 2024
Vis merVis mindre
- Bransjer
- Offentlige tjenester / Forvaltning
- Stillinger
- Leder
- Arbeidstid
- Fulltid
- Jobbtype
- Fast
- Sektor
- Privat
Stillingsopplysninger
Om stillinga
Kultur- og likestillingsdepartementet søker ein strategisk og framtidsretta leiar for avdeling for likestilling, diskriminering og internasjonale saker. Ekspedisjonssjefen har fag- og personalansvar for om lag 25 kompetente og fagleg engasjerte medarbeidarar og skal saman med dei forvalte og utvikle den samla porteføljen til avdelinga. Som ekspedisjonssjef arbeider du tett saman med den politiske leiinga i departementet og er sjølv ein del av den administrative toppleiinga. Du vil difor ha eit medansvar for å styre, drive og utvikle heile departementet som eit profesjonelt forvaltningsorgan og støtteapparat for den politiske leiinga.
Avdeling for likestilling, diskriminering og internasjonale saker har sektoransvar og koordineringsansvar for regjeringa sin politikk på heile likestillings- og diskrimineringsfeltet. Dette omfattar mellom anna politikken for kjønnslikestilling og for personar med nedsett funksjonsevne og politikken mot diskriminering på grunn av etnisitet og seksuell orientering. Politikkområdet er regulert gjennom både nasjonale lover og internasjonale menneskerettskonvensjonar. Avdelinga har ein brei internasjonal portefølje som omfattar både FN, EU/EØS, OECD, Europarådet og nordisk samarbeid. Avdelinga har ansvar for det juridiske arbeidet på området, internasjonalt arbeid på likestillingsområdet og kulturområdet og arbeid med kulturelt mangfald. I tillegg vil du som ekspedisjonssjef ha ansvar for styringa av Diskrimineringsnemnda, Likestillings- og diskrimineringsombodet og Bufdir på likestillingsfeltet. Det må påreknast endringar i porteføljen til avdelinga.
Kvalifikasjonar
Du har relevant utdanning med fullført grad på masternivå. Relevant erfaring kan i nokre tilfelle kompensere for kravet til utdanning. Du må ha god leiarerfaring og forvaltnings- og styringskompetanse. Du må forstå politiske prosessar og rolla som ekspedisjonssjef i eit departement. Det er ein fordel med tidlegare erfaring frå departement. Vi legg vekt på at du kan tenkje overordna og strategisk. Det er ein fordel om du har kjennskap til fagområda avdelinga har ansvaret for, og erfaring frå internasjonalt arbeid. Det er ein fordel med erfaring frå etatsstyring og evne til å samarbeide på tvers av sektorar.
Du må kommunisere godt på norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg.
Du må vere interessert i leiing og ha evne til å skape gode samarbeidsrelasjonar, både internt og eksternt. Du har eit godt lag med folk, og du får fram det beste i medarbeidarane dine. Det er viktig med godt humør.
Stillinga er eit embete og du må difor vere norsk statsborgar for å bli tilsett. Det er òg eit krav at du kan få tryggingsklarering. Vi brukar Semac bakgrunnssjekk i våre rekrutteringsprosessar, og tilsetting føreset godkjend bakgrunnssjekk av den som tilbydast stillinga. Lønn etter avtale.
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet. Det er difor eit personalpolitisk mål å få til ei balansert samansetjing av tilsette på tvers av alder og kjønn, og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid og utdanning i ein lengre periode. Opplysningar om dette kan bli brukte til registerformål. Som IA-verksemd vil vi leggje til rette for personar med nedsett funksjonsevne. Les meir på Arbeidsgivarportalen.
Offentleg søkjarliste og kontakt
Før søknadsfristen kan interesserte ta fortruleg kontakt med Liv S. Bøe i DSS på tlf. 911 08 263/e-post liv-sissel.boe@dss.dep.no.
Etter at søknadsfristen har gått ut, blir det utarbeidd søkarlister. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkarar har bede om å ikkje bli førte opp på den offentlege søkarlista. Blir det aktuelt, tek vi kontakt før offentleggjering.
Om Kultur- og likestillingsdepartementet
Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) har ansvar for den statlege politikken og forvaltinga på områda kultur, likestilling og diskriminering, opphavsrett, medium, idrett, frivillig verksemd og pengespel og lotteri. Departementet har om lag 160 tilsette, for tida fordelte på fem avdelingar og ei kommunikasjonseining.
Meir informasjon om departementet finn du på www.regjeringa.no, og her kan du lese meir om å jobbe i KUD.
Spørsmål om stillinga
Liv S. Bøe
911 08 263
liv-sissel.boe@dss.dep.no
Kristin Berge
Departementsråd
480 53 373
kristin.berge@kud.dep.no
--------------------------------------------------------
Vennligst referer til DN.no i din søknad.
Firma
Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) har ansvar for den statlege politikken og forvaltinga på områda kultur, likestilling og diskriminering, opphavsrett, medium, idrett, frivillig verksemd og pengespel og lotteri. Departementet har om lag 160 tilsette, for tida fordelte på fem avdelingar og ei kommunikasjonseining.
Meir informasjon om departementet finn du på www.regjeringa.no, og her kan du lese meir om å jobbe i KUD.
Få jobbvarsler
Opprett et jobbvarsel og få tilpassede jobbanbefalinger rett i innboksen din.
Opprett varsel